Kantor Ytre Arna kyrkjelyd

Bergen kirkelige Fellesråd (BKF) bygger, vedlikeholder og drifter kirkebyggene og gravplassene i Bergen. BKF ivaretar administrative og økonomiske oppgaver for Den norske kirkes 25 menigheter i Bergen og er arbeidsgiver for 160 ansatte med kirkevergen som daglig leder. Vår visjon er å Speile Guds himmel i jordnært liv.

Bergen kirkelige fellesråd har ledig 50% fast stilling som kantor, med arbeidsstad for tida i Ytre Arna kyrkjelyd. Stillinga er ledig frå 01.07.2020.
 
Ytre Arna kyrkjelyd ligg i Åsane prosti og har ca. 1900 medlemer. Kyrkjelyden ligg midt i Ytre Arna med utsikt over Sørfjorden. Ytre Arna har ei rik historie tilbake til midten av 1800-talet då det vaks fram industri og bygda etter kvart vart eit viktig senter i landet tekstilarbeid. I de gamle industrilokala til tidlegare Arne fabrikker, finst blant anna flaggskipet strikkebedrifta Oleana. Staden har eige kulturhus med bibliotek, og kan by på eit rikt kulturliv, mellom anna et av Noregs eldste musikkorps, kor, musikkteater og skulekorps. Kyrkjelyden sjølv har kora Ytre Arna vokal og Ytre Arna barnevokal. Ytre Arna kyrkjekor vart for ein del år sidan, slege saman med kyrkjekoret i Arna og øver der. Det er eit godt samarbeid med indremisjonsforsamlingane/bedehusa i soknet, og med skule og barnehage.  Ved sidan av kyrkja ligg kyrkjelydshuset som blant anna blir flittig brukt av den opne barnehagen vår, Noa.
 
Ytre Arna kyrkje er ei trekyrkje frå 1899 med 200 sitteplassar. Kyrkja har eit digitalt Johannus-orgel med 46 stemmer i Monarck Preludium-serien. Her er òg eit Yamaha  C7 konsertflygel på 2,37m. Begge instrumenta er ca.10 år gamle. Ytre Arna kyrkjelyd søkjer ein kantor som saman med frivillige og tilsette har eit ønskje om å vidareutvikle kyrkjelyden. Vi ønskjer en kantor som har evne til å byggje nettverk. Ved å fortsette samarbeidet med gode ressursar i nærområdet, vil kantor medverke til å gjere kyrkja synleg i nærmiljøet.


Staben består av sokneprest (100% stilling), kyrkjetenar (50%), kantor (50%), trusopplærar (30%), diakon (25%), diakonimedarbeidar (25%) og administrasjonsleiar/medarbeidarkoordinator (90%). Arbeidet er prega av tett samarbeid om mange arbeidsoppgåver og det gjev rom for kreativitet og initiativ. Alle tilsette deltar i oppfølging av frivillige medarbeidarar.
 
Kantor vil bli tilsett i Bergen kirkelige fellesråd med administrasjonsleiaren som næraste overordna.

Arbeidsoppgaver:

  • Leie det musikalske arbeidet i kyrkjelyden og medverka til å utarbeide kyrkjemusikkplan for kyrkjelyden
    Delta aktivt i planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar
    Delta i kyrkjelyden sitt gudstesteutval
    Ha ansvar for forsongartenesta ved gudstenestene
    Korarbeid
    Planleggje og medverke ved møte, samlingar ol. i regi av kyrkjelyden
    Spele på faste gravferdsdagar i Arna kyrkje i tillegg til Ytre Arna kyrkje
    Leggje til rette for og vere bidragsytar til konsertar og andre kulturaktivitetar i kyrkja
    Vidareutvikle samarbeid med det lokale, frivillige musikklivet Kantoren har plikter etter bemanningsplanen for kantorane

Kvalifikasjoner:

  • o           Formelle kvalifikasjonar etter tenesteordninga for kantorar (anna relevant utdanning

                 og praksis vil kunne bli vurdert)

    o           Kreativ kyrkjemusikar med syn for ulike musikalske uttrykksformer

    o           Interesse og erfaring frå kyrkjelydsbygging og særlig evne til å inkludere barn og unge i det

                 kyrkjemusikalske arbeidet

    o           Gode evner til samarbeid og kommunikasjon

    o           Evne til å skape gode relasjonar til det frivillige musikklivet i soknet

    o           Meistre norsk flytande både munnleg og skriftleg

    Arbeid ved høgtider, helg og kveldar etter arbeidsplan ligg som grunnlag for stillinga. 

    Det er gudsteneste cirka annankvar helg

     

Personlige egenskaper:

  • Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett, er godt personleg skikka for stillinga.
    Vi er opptatt av at våre tilsette medverkar til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, der rausheit og engasjementet er viktig for kyrkjelyds- og stabsfellesskapet.
    Særskilde krav:
    o           Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, prøvespel og prøve i kordireksjon.

    o           Tilsettjing skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gjev tenestebrev jf.

                 Tenesteordninga §5

    o           Det kan bli spørsmål om samlivsform jfr. AML §13.4

    o           Tilfredsstillande politiattest må leggast fram ved tilsetjing jf. Kirkeloven §29

    o           Søkjaren må være medlem av Den norske kyrkja.

Vi tilbyr:

  • Løns- og arbeidsvilkår blir regulert av tariffområdet knytt til Kirkens arbeidsgiverorganisasjon (www.ka.no) og Bergen kirkelige fellesråds Personal- og arbeidsreglement.

    Bergen kirkelige fellesråd kan tilby:
    o           Variert arbeid i positivt miljø

    o           Pensjonsordning i Bergen kommunale pensjonskasse

    o           Ulykkes- og gruppelivsforsikring

    o           Bedriftshelseteneste

    o           Stillinga er ledig frå 01.07.2020, eller etter avtale


    Når det gjeld vitnemål og attestar frå utanlandske utdanningsinstitusjonar, ber vi om at det blir lagd ved norsk omsetjing. Kopi av vitnemål og attester tar med på evt. intervju.


    Dersom søkjaren sjølv ber om det, kan opplysningar om søkjaren unntaks bli unnntatt offentleg søkjarliste etter Offentlighetsloven § 25. Dette bør i så fall grunngjevast, slik at Bergen kirkelige fellesråd kan vurdere meiroffentligheit etter Offentlighetsloven § 11. Dersom Bergen kirkelige fellesråd meiner grunngjevinga for fritak ikkje held, vil ein kontakta søkjaren.


    Ønskjer du nærare opplysningar, kontakt administrasjonsleiar Benthe Vevle tlf. 55 36 22 73/412 63 065 eller områdeleiar i Åsane prosti, BKF, Ann Carina Raknes, tlf. 55 59 32 12 / mob.90 77 25 74, e-post: ar277@kirken.no
Arbeidsgiver Bergen kirkelige fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Bergen
Publisert 2020-01-03
Søknadsfrist 2020-01-19
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bergen kirkelige fellesråd

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger