Sokneprest i Øvre Telemark prosti 3. gong utlysning

Hjartdal kommune er ein triveleg kommune å bu i, med tre levande bygder. Saulandsbygda har i dei siste åra fått nybygd barnehage og barne- og ungdomsskule. I Hjardalsbygda og Tuddal er det og barnehagar og private Montesorriskular. For tida vert det også bygd nytt helse- og omsorgssenter i Sauland. Hjartdølane driv med skog, jordbruk, handverkstenester, turisme, handel, banktenester og utbygging av hytter. Her er og ein offentlig sektor som produserer gode tenester for innbyggarane. Det er eit rikt kulturliv i kommunen med teaterlag og kulturskule, og dugnadsviljen er stor. Det er til dømes husflidslag, bygdelag, idrettslag, skyttarlag, historielag, blandakor, Slåttefestival og Frivillingssentral, og det er pensjonistlag i kvar bygd. Det er gode friluftstilbod for både sommar- og vinteraktivitetar. Hjartdal, Sauland og Tuddal har kvar si vakre kyrkje i tre og aktive kyrkjelydar. Stamvegen E 134, som går gjennom kommunen, er med på å sikre gode kommunikasjonar både mot aust og vest. Meir informasjon om Hjartdal kommune kan du finna på www.hjartdal.kommune.no.

I Hjartdal er det eitt kyrkjesokn med 1.400 medlemmer. Det vert halde gudstenester i kvar av dei tre kyrkjene ein gong i månaden. Dei aller fleste ungdommane vert kyrkjeleg konfirmerte. Konfirmantarbeidet "Ønsket og elsket" er knytt til eit større konfirmant- og leiartreningsprogram i prostiet. Halvparten av undervisninga skjer likevel lokalt. Kyrkja har eit godt samarbeid med skulane i kommunen, frivillighetssentralen og med omsorgsentret. Det er også eit ope og godt forhold med pinsevennene. Kyrkjelyden har godkjent trusopplæringsplan og har knytt til seg frivillige.

Det er eige menighetshus i kvar av dei tre bygdene. I kyrkjestaben er det i tillegg til sokneprest, diakon, organist, 3 kyrkjetenarar og kyrkjeverje, alle disse i halve stillingar. Den som ynskjer det, kan leiga prestebustad frå 1960 med stor hage og tomt som er eigd av OVF. Bustaden vart svært bra pussa opp i 2013. Den ligg sentralt i Sauland og frå huset er det kort veg til Sauland kyrkje, prestekontor, Sauland menighetshus og kyrkjeverjekontoret.

Til stillinga ligg også kyrkjelege handlingar i Notodden kommune tilsvarande 20% av stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter:
- endringar i "Tjenesteordning for menighetsprester" og reglar om lønnstilhøve og aldersgrense for geistlege tenestemenn.
- all avgjerdsle som vert teken vedrørande tenesta og tenestestad.

I Hjartdal er nynorsk målform i kyrkjelyd og kommune. Søkjaren må stadfesta at han/ho kan nytta båe målformer.

Kvinner vert oppmoda om å søkja.

Det kan bli stilt særleg krav til samlivsform i tråd med Likestilling- og diskrimineringslova § 30.

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

 

Arbeidsoppgåver:

  • forkynning, gudstenester og kyrkjelege handlingar  
  • deltaking i trusopplæringa og anna barne- og ungdomsarbeid
  • sjelesorg

Kvalifikasjonar:

  • cand. theol/profesjonsstudium i teologi (etter 2004)
  • praktisk teologisk utdanning

Personlege eigenskapar:

  • ha evne til å koma i kontakt med folk, byggja nettverk og inspirera
  • gode samarbeids- og leiarevner
  • god formidlar

Vi tilbyr:

  • løn som sokneprest i stillingskode 1555
  • pensjonistinnskot
  • godtgjerdsle etter gjeldande satsar
  • arbeidsrettleiing
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Saulandsvegen 414, 3692 Sauland
Publisert 2020-01-06
Søknadsfrist 2020-01-29
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger