Kyrkjeverje i 100 % stilling, i frå sommaren 2020

Vi tilbyd:

  • Kontor i Norheimsund kyrkje, med ansvar for 4 andre kyrkjer og 6 kyrkjegardar i kommunen.
  • Kontorfellesskap med sokneprestar, kateket, kyrkjelydspedagog, kyrkjemusikarar, diakoniarbeider, kyrkjetenar og
  • sakshandsamar.
  • 15 svært motiverte tilsette i staben, og mange frivillige medarbeidarar i dei ulike sokna.

Kyrkjeverja sine oppgåver:

  • Dagleg leiar for verksemda til fellesrådet i samsvar med gjeldande kyrkjeleg lovgiving.
  • Leiing og administrasjon, saksførebuing for fellesrådet og iverksetting av vedtak.
  • Personalforvalting med ansvar for alle som er tilsette av fellesrådet.
  • Økonomi og eigedomsforvalting, drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
  • Fremje samarbeid mellom fellesråd, sokneråd, kommune og andre samarbeidspartar.

Vi ynskjer kyrkjeverje / dagleg leiar med:

  • Relevant universitets/høgskoleutdanning, eller alternativ realkompetanse for stillinga.
  • Kjennskap til offentleg forvalting, økonomi og sakshandsaming generelt og spesielt.
  • Kjennskap til organisering og arbeid innan Den norske kyrkja.
  • Gode evner til strategisk planlegging og leiing, relasjonsbygging, motivering og   inspirasjon av medarbeidarar.
  • Gjerne erfaring frå kyrkjeleg arbeid.

Personleg eigenskap:

  • Personleg eigna for stillinga
  • Ønskje om å arbeida for kyrkja sine mål, lokalt, nasjonalt og globalt
  • Evne til å arbeida sjølvstendig, samarbeide og motivere
  • Løysingsorientert

Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja, og lojal mot kyrkja si vedkjenning.

Løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP.

Den tilsette må disponera eigen bil, og får dekka tenestekøyring etter offentleg regulativ.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverjevikar Hans Soldal på tlf 41400035 eller epost kyrkjeverje@kvam.kyrkjer.net

Arbeidsgiver Kyrkjeleg fellesråd i Kvam
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kyrkjevegen 40,5601 Norheimsund
Publisert 2020-01-16
Søknadsfrist 2020-02-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Kyrkjeleg fellesråd i Kvam

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger