Sjukehusprest

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Sjukehusprestane ved Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus er tilgjengelege for å støtte pasientar, pårørande og tilsette, og møter menneske i kriser og krevjande livssituasjonar. Sjukehusprestane er organisert i Seksjon for presteteneste og etikk, som er ein del av Forskings- og utviklingsavdelinga ved sjukehuset. Seksjonen har no fem stillingar som sjukehusprest og tre deltidsstillingar som kulturrådgjevar/tolkekoordinator, sjukehusimam og rådgjevar i etikk. Seksjonsleiaren er sjukehusprest og deltar i klinisk arbeid, inklusive vaktturnus.
 
Seksjonen arbeider elles med kvalitetsforbetring i møte med pasientar som har minoritetsbakgrunn, og med klinisk etikk, og legg mellom anna til rette for arbeid i Klinisk etikk-komité. Vi tek òg del i Palliativt team (lindrande behandling) i Psykososialt kriseteam (ved kriser og ulykker) og i interne kriseteam for tilsette ved sjukehuset.
 
Vi har ledig 100% fast stilling som sjukehusprest. Seksjonen har arbeidsområde i alle Helse Bergen sine einingar. Den som får ny stilling må kunne utføre tenester i alle einingane og skal inngå i 5-delt vaktturnus med heimevakt.

Arbeidsoppgåver

  • Vere tilstades for pasientar og pårørande som ønskjer nokon å prate med, uavhengig av tro og livssyn
  • Møte pasientar og pårørande i kriser og ulukker
  • Leie seremoniar og kyrkjelege handlingar
  • Delta i 5-delt vaktturnus med heimevakt
  • Støtte tilsette i sjukehuset med tilbod om samtalar, fagleg refleksjon og undervising
  • Arbeid med kultursensitivitet og interkulturelle tiltak

Kvalifikasjonar

  • Profesjonsstudium i teologi eller tilsvarande
  • Pastoralklinisk utdanning eller anna relevant vidareutdanning
  • Erfaring i og evne til å møte menneske i ein klinisk kontekst
  • Evne til teologisk fagleg refleksjon i ein klinisk kontekst
  • Vilje til å arbeide med eksistensielle tema i eige liv

 

 Utdanningsretning

  • Teologi/Livssynsfag

 

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad/doktorgrad 

Personlege eigenskapar

  • Dele sjukehuset og Seksjon for presteteneste og etikk sine verdiar (livssynsopen)
  • Fleksibilitet og evne til god samhandling, forståing og interesse for andre sine trus- og livssynsuttrykk
  • Vi legg vekt på refleksjon og samhandling i team som eit sentralt element for fagleg og personleg utvikling
  • Du må vere raus og kjenne omsorg for menneske 

Vi tilbyr

  • Gjevande og krevjande arbeidsoppgåver ved sjukehuset, som har eit viktig samfunnsoppdrag, og som gjev grunnlag for fagleg og personleg utvikling
  • Støttande, interkulturelt og tverrfaglig arbeidsmiljø
  • Høgt faglig nivå med opplegg for fagleg oppdatering, vegleiing og vidareutvikling
  • Løn etter avtale
Arbeidsgiver Helse Bergen
Kategori Helse, medisin og omsorg
Arbeidssted Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Publisert 2020-01-16
Søknadsfrist 2020-02-15
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Helse Bergen

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger