Ledig stilling som kantor

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har vel 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn, Anda (SDN) - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan idrett, kultur og spesielt musikk sidan vi har musikklinje ved Firda vidaregåande og 5 distriktsmusikarar knytt til kulturskulen. Kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikk-kommune. Gloppen kyrkjelege fellesråd omfattar Gloppen kommune, og er delt i tre sokn: Gloppen, Breim og Hyen, med til saman ca. 5100 medlemer.

Frå 1. august 2020 blir det ledig kantorstilling 100% i Gloppen kyrkjelege fellesråd.

 

Vi søkjer etter ein engasjert og kreativ kyrkjemusikar som kan vidareføre og utvikle det musikalske arbeidet som kyrkja driv og har eit naturleg ansvar for, herunder gudstenester og kyrkjelege handlingar, samt kor og konsertverksemd. Kantor driv i dag to kor: Vereide kyrkjekor og Gimmestad kantori samt nokre ad hoc-kor. Kantor spelar også ved institusjonsandaktar.

 

Kyrkjer og instrument:

I Fellesrådet er det seks kyrkjer.

  • Vereide kyrkje (frå 1100-t) har eit Gangfløt-orgel frå 1982 (22 reg)
  • Breim kyrkje (1886) har eit Olsen og Jørgensen-orgel med 16 reg (kjeglelade). Orgelet vart omfattande reparert i 1981).
  • Gimmestad kyrkje (1910) har eit Jørgensen-orgel frå 1959 (elektropneumatisk med unit-lade).
  • Hyen kyrkje har orgel frå 1972 (Vestlandske 11 reg (heilmekanisk)
  • Sandane kyrkje (arbeidskyrkje frå 1997) har eit positiv m/anhangspedal (Kuhn 1939, med nytt orgelhus, laga av Theodor Zuber.
  • Gamle Gimmestad kyrkje, som ikkje er i regulær bruk, har eit trøorgel. Alle kyrkjene har piano. Det ligg på kantor å føre tilsyn med alle instrumenta.

 

Kantor inngår i stabsfellesskap med kyrkjeverje (100%), kyrkjelydspedagog (30%), kyrkjelydsarbeidar (50%), diakon (50%), organist (30%) og to prestar. Det blir halde regelmessige stabsmøte. Kontor i lyse nye kontorlokale.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med dei andre tilsette.
  • Deltaking i trusopplæringa.
  • Samarbeid med tilsette og frivillige om kyrkjelydsbyggande verksemd.
  • Korleiing i regi av kyrkja
  • Konsertverksemd
  • Vedlikehalde kontakt med musikkmiljøet i Gloppen og med lokale utøvarar.

 

Kvalifikasjonar:

  • 4-årig kantor eller kyrkjemusikkutdanning frå universitet eller høgskule i samsvar med Tenesteordning for kantor. Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
  • Erfaring med korverksemd.
  • Søkjar må kunne disponere bil
  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt av fellesrådet:

  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Engasjement for livet på gudstenestene- og i kyrkjelydane.
  • Pågangsmot, kreativitet og fleksibilitet.

 

Lønn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor. Kvelds- og helgearbeid er ein sjølvsagt del av stillinga. Søkjar må disponere eigen bil. Tilfredsstillande politiattest må leggast fram ved tilsetting, jfr kirkeloven §29.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Audun Mundal: tlf. 91177823, eller kantor Anders Rinde, tlf. 99720238.

 

Søknad med CV, referansar, kopi av vitnemål og attestar sendast til Gloppen kyrkjelege fellesråd v/ kyrkjeverje Audun Mundal på epost til audun.mundal@gloppen.kyrkja.no innan 1. mars 2020

Arbeidsgiver Gloppen kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted
Publisert 2020-01-28
Søknadsfrist 2020-03-01
Stillingstype Fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Gloppen kyrkjelege fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger