Rektor (vikariat)

Kristen friskule i sentrum av Ålesund kommune. Skulen er tilknytta Sunnmøre Indremisjon (tilslutta Indremisjonsforbundet) slik som Møre ungdomsskule i Ålesund og Møre barne- og ungdomsskule i Herøy - på Søre Sunnmøre. Skulen starta opp august 2015 med både barne- og ungdomstrinn same hausten, og er no på femte driftsåret med ca 80 elevar.

Vi søker etter ein dyktig strategisk og administrativ leiar med erfaring frå skulen -  eller anna relevant leiararbeid.
Vi søker ein skuleleiar som er kunnskapsbasert og som har evne til å skape oppslutning om felles mål. Vi ser etter deg som fokuserer på å utvikle eit godt profesjonsfellesskap, er framtidsretta og brenn for å leie og utvikle skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og å utvikle den kristne friskuleprofilen.  

Stillingsstorleiken er 100%, og i første omgang eit vikariat i 2 år frå 1.august 2020.

Ønska kvalifikasjonar og utdanning:

  • Kunnskap om skuleutvikling
  • Kjennskap til friskulelova
  • Bred erfaring frå pedagogisk arbeid i grunnskulen
  • Kunnskap og erfaring innan leiing, personalarbeid og IKT
  • Leiarutdanning
  • Evne og interesse for å vere med å skape eit positivt lærings- og arbeidsmiljø og eit godt skule-/heimsamarbeid


Personlege eigenskapar:

  • Har godt humør og gode samarbeidsevner
  • Skaper engasjement og kommuniserer godt med barn og vaksne
  • Arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Er fleksibel og med evne til å ta gode avgjersler i ein hektisk kvardag

 

Å etablere ein kristen friskule krev engasjement og fleksibilitet, og det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø med levande kristendom på skulen – slik at elevane kan trivast, vere trygge og få eit godt utbytte av skuletida. Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen. Den som blir tilsett, må også kunne leggje fram politiattest.

Spørsmål om stillinga kan rettast til: post@moreskodje.no

Søknadsfrist: 14.mars 2020

Utanom ordinær CV inkl både utdanning og arbeidserfaring,
så kan du som søkar gjerne fortelle noko om :

  • Erfaring innan skuledrift, leiing, administrasjon og/eller strategisk arbeid
  • Erfaring med personalansvar og økonomisk ansvar
  • Engasjement/interesser utanom arbeid
  • Kvifor du kan tenke deg å arbeide på ein kristen friskule
  • Kvifor du kan tenke deg å arbeide på ein skule i utviklingsfase

Søknad med CV sender du til
pr. e-post:                   post@moreskodje.no
eller pr. post:              Møre barne- og ungdomsskule Skodje
                                       Brusdalsvegen 750
                                    6260 Skodje                                   MERK: Søknad

Arbeidsgiver Møre barne-og ungdomsskule Skodje
Kategori Utdanning og forskning
Arbeidssted Brusdalsvegen 750, 6260 Skodje
Publisert 2020-02-26
Søknadsfrist 2020-03-14
Stillingstype vikariat
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Møre barne-og ungdomsskule Skodje

6260 Skodje
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger