Kantor, 50 % fast stilling

Osterøy er ein kommune med vel 8000 innbyggjarar og ligg vel 45 minutt køyring frå Bergen. Vi har fem kyrkjer og kantor gjer teneste i alle. Vi høyrer inn under Åsane prosti og har eit felles kyrkjekontor i Lonevåg, for alle fem sokna. Her finn ein to prestar, kantor og organist, trusmedarbeidar (trusopplærar), konfirmantlærar, sekretær og kyrkjeverje. Kvar kyrkje har ein kyrkjetenar og fellesrådet har 2-3 tilsette på gravplassfeltet.

I arbeid med gudsteneste og kyrkjelege handlingar er kantoren den næraste samarbeidspartnaren til prestane. Det er ønskjeleg at kantoren har brei musikalsk kompetanse for å leie kyrkjelydane i salmesong og lovsong, både gjennom tradisjonelle og moderne, yngre musikkuttrykk. Samspel med frivillige krefter er avgjerande i dette. Osterøy er ein stad med eit uvanleg sterkt korpsmiljø og folkemusikkmiljø. Her er alle moglegheiter til å byggja bru til folket og bygdene, gjennom musikk og andre kulturuttrykk. 

Kantoren er også ein viktig ressurs for trusmedarbeidaren i sitt arbeid med barn og ungdom.

Gjerstad kyrkje har eit 17-stemmers Paul Ott-orgel frå 1977. Haus kyrkje har eit romantisk orgel med 12 stemmer, levert av Heggen og Ivers i 1930. Bruvik kyrkje har eit 8-stemmers orgel bygd av G. F. Husted i 1994. Hosanger kyrkje har eit romantisk 6-stemmers Olsen & Jørgensen-orgel frå 1899. I Hamre kyrkje står eit barokk-orgel bygd av Gebr. Reil frå 1990 med 13 stemmer. Alle kyrkjene har gode piano, Hamre har eit særs godt, nytt Yamaha-piano.

Arbeidsoppgåver

  • Gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Bidra med speling  på sjukeheimsandaktar og i trusopplæring.
  • Kantoren har stor grad av påverknad for det som gjeld innhaldet i den resterande stillinga.
  • Tilsyn med kyrkjene sine orgel.

Kvalifikasjonar

  • Vi viser til «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorer» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for kyrkjemusikk for Den norske kyrkja».
  • Meistre godt norsk, skriftleg og munnleg
  • Prøvespeling kan påreknast.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å inspirere og skape song- og musikkglede.
  • Evne og vilje til både å arbeide sjølvstendig og i team med stab, frivillige og musikalske aktørar .
  • Evne til å ta initiativ og å fremja kyrkja si plass i lokalsamfunnet
  • Evne til å vere løysingsorientert, kreativ og fleksibel
  • Informasjon om samlivsform kan verta innhenta, jf. likestillings- og diskrimineringsloven § 30, og gjeve vekt i tilsettingsprosessen, jf. § 9.

Vi tilbyr

  • Godt kollegialt samarbeidsklima og fellesskap
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i tradisjonsrike kyrkjer
  • Høve til å profilere seg som musikkar
  • Høve til sjølv å påverke eigen arbeidssituasjon
  • Løn etter regulativ i KA
  • Pensjons- og forsikringsordninger i KLP

Anna

  • Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest
  • Stillinga er ledig frå 1.september 2020.
  • Les meir om oss på www.osteroy.kyrkja.no og om kommunen på www.osteroy.kommune.no
  • Søknad på epost til: kyrkje@osteroy.kommune.no

 

Kontaktinformasjon
Edvin Bratli, kyrkjeverje. Tlf. 56192280 / 98067960

Arbeidsstad
Lonevågen 5, 5282 Lonevåg

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Osterøy kyrkjeleg fellesråd


Stillingsprosent: 50 %, fast

Søknadsfrist: 27.07.2020

Arbeidsgiver Osterøy kyrkjeleg fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lonevågen 5, 5282 Lonevåg
Publisert 2020-06-30
Søknadsfrist 2020-07-27
Stillingstype Fast, 50%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Osterøy kyrkjeleg fellesråd

Lonevåg
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger