Sokneprest med tenestestad Kvikne og Sødorp sokn

Nord-Gudbrandsdal prosti ligg i hjartet av Sør-Noreg og omfattar dei sju kommunane Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Vågå, Skjåk og Lom, og store deler av dei mektige fjellområda Jotunheimen, Breheimen, Dovre og Rondane. Dette pregar kyrkja her. Det er ei staut og trufast folkekyrkje. I prostiet arbeider vi med nye formar for samarbeid, både mellom prestane, og mellom sokna. Målet er å bygge opp ei levende folkekyrkje for alle døypte, og å opne kyrkja for folk si tru og kvardag.

Det er ledig stilling som sokneprest i Nord-Gudbrandsdal prosti med tenestestad Sødorp og Kvikne.

Dei to sokna finn du i Gudbrandsdalen, midt mellom Oslo og Trondheim. Området vert profilert som ”Peer Gynts rike”. Her er eit rikt kulturliv, og flotte områder for
friluftsliv, med eit stabilt og godt klima sommar som vinter. Kommunen har full barnehagedekning, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

Næringslivet er prega av jord- og skogbruk, servicenæringar, turisme og noko småindustri.
Folketalet ligg på rundt 5800 i heile kommunen.

Geografisk er sokna deler av Nord-Fron kommune, og det er eit nært samarbeid med soknepresten i Kvam og Skåbu; to andre sokn i Nord-Fron. Kyrkjeleg sett er Nord-Fron eit typisk folkekyrkje-område, med små innslag av indre- og ytremisjon.

Sentrum i Nord-Fron er Vinstra som fekk bystatus i 2013. Hit er det gode kommunikasjonar med tog, buss og bil, og kort avstand til ski-anlegga ved Gålå, Kvitfjell og Hafjell.

Kyrkjekontoret ligg sentralt på Vinstra, og her har 2 prester, kyrkjeverge, trusopplærer og diakon, fire (fem) kyrkjetenarar, kantor og sekretær kontorplass.  Frå
kyrkjekontoret er det 1 km til Sødorp kyrkje, 10 km til Kvikne, 11 km til Kvam og 25 km til
Skåbu.

Det er eit godt samarbeid mellom prestane i prostiet og dei gjer nytte av kvarandres kunnskap.  I Nord-Gudbrandsdal prosti blir vektlagd eit arbeidsmiljø preget av gode rammer, fagleg utvikling og trivsel.  Kvar månad har prestane konvent.  Eit gjennomgående tema i konventet er å utvikla det frivillige engasjementet inn mot særleg gudstenestelivet.  I hovudsak er gudstenestene lagt til soknekyrkjene. Sødorp kapell har 12 gudstenester, Sundheim, eldreinstitusjonen, har 6 gudstenester og om sommaren har alle sokna ein til to friluftsgudstenester.  Ein nyttar både bokmål og nynorsk i gudstenestene. Målforma i skulane i Nord-Fron.  Konfirmantopplegget er lagt opp med leir ved oppstart for heile Nord-Gudbrandsdal prosti. Vidare er det samlingar utover vinteren lokalt, med konfirmasjon i mai/juni.  Det er tilsett trusopplærar og no er dei i ferd med å bygge ut trusoplæringsarbeidet til å inkludere alle barn og unge i alderen 0-18 år.

Oppmoding om å få namnet sitt unntatt kunngjering kan ikkje påreknast. Grunn må vurderast opp mot offentleglova §25. Den som blir tilsett må framvise plettfri politiattest.

 

Arbeidsoppgaver
TENESTEVEKER: Arbeidet vert fordelt med tenesteveke med gravferder annankvar veke.   Gudstenester etter oppsatt plan.
INSTITUSJONAR: Det er ein institusjon for eldre i kommunen som vert vitja av prest kvar veke.
BEREDSKAP: Prestane er med i beredskap knytt til Nord-Gudbrandsdal prosti 
RÅDSARBEID: Den som vert tilsett har sete i Sødorp og Kvikne sokneråd.
Biskopen oppnemner den av prestane som skal sitje i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd.
SAMARBEID I PROSTIET: Arbeidsoppgåvene i Nord-Fron vert fordelt mellom prestane etter avtale dei imellom. Ein må også rekne med nokre tenester elles i prostiet.
SAMARBEID MED ANDRE TRUSSAMFUNN: I Sødorp sokn er det noko samarbeid med Fron pinsekyrkje (Bibeldag og Song/musikkarrangement i Peer Gynt-veka).
Kvalifikasjoner
Cand.theol – profesjonsstudium teologi (etter 2004)
Praktisk teologisk utdanning
Personlige egenskaper
Evne til samarbeid med friviljuge og andre tilsette vert vektlagd.
Den som vert tilsett må ha gode evner til kommunikasjon og samhandling, og kunne vera både sjølvstendig og fungera godt i team.
Vi tilbyr
Stillinga vert løna som 1555 sokneprest
Innskot i Statens Pensjonskasse.
I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjersler.
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja.  Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov- og regelverk og tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
Arbeidsrettleiing blir tilbodne prestane i Hamar bispedømme.
 
Dei som er interesserte i stillinga er velkomne på besøk i Nord-Fron å få omvisning på rekninga til bispedømmet.  Ta kontakt for avtale!
Arbeidsgiver Hamar bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Øvregata 39, 2640 Vinstra
Publisert 2020-10-16
Søknadsfrist 2020-11-01
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Hamar bispedømme

Hamar
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger