Kapellan i Søre Sunnmøre prosti med Ulstein sokn som særleg tenestestad.

Ulstein kommune er senter for eit sterkt maritimt miljø, og har godt utbygt handels- og servicetilbod. Kommunen har hatt stor folketalsvekst dei siste åra, og har eit innbyggartal på rundt 8700. Befolkninga er ung, og i skulen er mange nasjonalitetar representert. Ulstein har fantastisk natur, med alt frå surfing på Flø, til tindeklyving i Sunnmørsalpane og populære skianlegg. Det «urbane» er tilgjengeleg i bygdebyane, og Ålesund, og det er kort veg til to flyplassar. Kommunen har full barnehagedekning og gode tilbod innan skule og fritidsaktivitetar. Her er vidaregåande skule, og Sunnmøre Folkehøgskule ligg også i kommunen. Kunst, kultur og musikklivet er rikt og mangfaldig med ypparlege lokale i Ulstein Arena, Sjøborg kulturhus, ei vakker kyrkje og etablert kulturskule. Det meste innan sport har gode fasilitetar og miljø i alt frå friidrett, turn, handball til fotballklubben Hødd. Vi er til hjelp ved å formidle ønske om å leige bustad. Området rundt Ulsteinvik har også idylliske krinsar, og større bygdebyar som Volda, Fosnavåg mfl.

Det er ledig stilling som kapellan i Søre Sunnmøre prosti. Kapellanen vil ha eit særleg tenesteområde i Ulstein sokn.
 
Ulstein sokn har samanfallande grenser med Ulstein kommune, og er ei av 7 kommunar i Søre Sunnmøre prosti. Det er til saman 20 sokn i prostiet, og om lag 44 500 medlemmar i DnK.

Ulstein har ei soknekyrkje og ein gravplass lokalisert i Ulsteinvik. Det er konkrete planer for bygging av ny arbeidskyrkje. Ulstein sokn er ein av kyrkjelydane med størst oppslutning om gudstenestene i landet det er godt samarbeid med lag, organisasjonar og engasjerte frivillige. Soknet driv kor og kulturarbeid, open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid.

Kyrkjekontoret har eigne lokale like ved kyrkja og rådhuset. Staben er samansett av kyrkjeverje, sokneprest, kapellan, kantor, kateket, diakon, kyrkjelydspedagog, kyrkjetenar, klokkar, sekretær og barne og ungdomsarbeidar. I tillegg har vi til saman 115% stilling på kyrkjegarden og ei 20% stilling i barnehagen.
Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med kommunen. Det er et godt arbeidsmiljø på kontoret, og gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen, samt sokne-/fellesråd.

Søre Sunnmøre prosti tenestedistrikt. Dette er er eit godt, kompetent kollegafellesskap også med mange yngre prestar. Prestane i prostiet møtast jamleg til kollega- og fagsamlingar. Prostiet er også tenestedistrikt for beredskapsordninga som alle prestane tek del i etter turnus.
I Ulstein sokn vil kapellanen og soknepresten dele prestetenesta. Begge  prestane tek del i arbeidet i alle aldersgrupper, men ein kan også fordele arbeidsfelt ut frå interesse og kvalifikasjonar. Prestetenesta deler tenesteveker og nokre fellestiltak med Hareid sokn.
 
Som kapellan får ein leve med ein spennande og mangfaldig kyrkjelyd med eit godt arbeid på tvers av alder og nasjonalitet. Her er eit variert gudstenesteliv med rom for mangfald, frå det tradisjonelle til meir moderne uttrykksformer. Kyrkjelyden verdset undervisning og preiker, og tek aktivt del ut frå ein rik song- og kulturtradisjon. Frivillige si deltaking i gudstenestene er godt innarbeida.
 
Det er tett samarbeid med Ulstein KFUK-KFUM som driv eit stort speidararbeid, Ten – Sing, Korklubb, Tween – Sing, Klubb og foreiningar, men også med Søndagskulen, KRIK og NMS. Saman med trusopplæringa utgjer dette eit rikt arbeid for born og unge som veks opp her.
 
Ulstein har utvikla eit gudstenestetilbod  for ungdom og unge vaksne. I samarbeid med KFUK-KFUM Møre og Romsdal og kyrkjelydane i Søre Sunnmøre arbeider ein for å gjere dette til  eit regelmessig samlingspunkt for heile prostiet, med gudstenester arrangert i ulike kyrkjer. Dette vil verte ein naturleg del av kapellanen sitt ansvarsområde, i samarbeid med lokale sokneprestar og stabar.

Vi søkjer etter ein engasjert prest som kan vere med å gjere visjonen vår ”Ulstein kyrkje – saman på ferda” verkeleg for medlemmar og for alle innbyggarane i Ulstein. Gjennom fleire båtlag skal vere eit truverdig reisefylgje på livsferda frå vogge til grav.

Om du finn dette spennande, er du velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort. 

Arbeidsoppgåver
  • Kapellanen skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Alle prestar i prostiet er med i beredskapsordning.
  • Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9. 
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, og du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Målforma i området er nynorsk.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i Likestillings- og diskrimineringslova § 30-2 vert opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt. 
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Personlege eigenskapar
  • Interesse for menneske og gode relasjonsbyggjande eigenskapar.
  • Ei engasjert forkynning som kommuniserer med kyrkjelyden.
  • Evne til å knytte til seg frivillige medarbeidarar og bygge nettverk.
  • Gode leiar- og samarbeidseigenskapar både med ungdom, frivillige og andre tilsette.
  • Godt strategisk blikk og fokus på å vere kyrkje for breidda av medlemmane i Den norske kyrkja.
  • Evnen til å inspirere og dyrke fram engasjementet.
Vi tilbyr
  • Fellesskap i eit ungt kollegium.
  • Kontorfellesskap med prest, kateket, trusopplærar , diakon og andre kyrkjeleg tilsette ved kyrkjekontoret i Ulsteinvik. 
  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. 
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Sjøgata 61, 6065 Ulsteinvik
Publisert 2021-01-07
Søknadsfrist 2021-01-15
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger