Skulesekretær i 70 - 80% fast stilling

Sygna vidaregåande skule er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett. Det går ca. 180 elevar på Sygna, ca. 140 av desse bur i skulen sine internat. Sygna er eigd og driven av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), som er ein stor misjonsorganisasjon. Skulen ligg i Balestrand i Sogn og Fjordane og har god kommunikasjon både austover mot Oslo, sørover mot Bergen og Stavanger, samt nordover mot Ålesund og vidare.

frå 01.02 2021 - eller snarast etter denne dato
 

Arbeidsoppgåver vil m.a vere:

  • ansvar for sentralbord, postmottak og kasse

  • registrering av lærebøker og innkjøp av  kontorrekvisita

  • elevinntak, arkivarbeid og andre sekretæroppgåver

Skulesekretær deltek i det sosialpedagogiske arbeidet ved skulen, m.a tilsynsordninga.

Vi søkjer deg som er strukturert, og har god evne til omstilling og læring. Du har godt humør, er glad i menneske, jobbar godt både sjølvstending og i samarbeid med andre. Det er ein fordel med erfaring frå liknande stilling.

Den som vert tilsett må kunne arbeide i tråd med skulen si kristne målsetjing.  Søkjar må kunne gje opplysningar om dette, jf. AML§§13-3 og 13-4. Den som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest, jf. friskulelova § 4-3

Vi kan tilby ein skule med

  • ei flott, variert og ressurssterk elevgruppe

  • eit motivert personale med variert kompetanse, arbeidserfaring og alderssamansetjing

  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

  • mål om å vere i framkant pedagogisk, sosialt og i det kristne arbeidet

  • godt samarbeid med Sogndal kommune, fylkeskommunen og dei andre NLMvgs-skulane

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver

Lønn etter avtale

 

For meir informasjon: Kontakt administrasjonsleiar Anne Margrethe Kråvik  tlf. 40443864 eller rektor, Frode Bøthun, tlf 57 69 45 00.

  

Søknadsfrist 25.01.2021

Arbeidsgiver Sygna vidaregåande skule
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Sygnavegen 15 6899 Balestrand
Publisert 2021-01-11
Søknadsfrist 2021-01-25
Stillingstype Fast 70-80%
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Sygna vidaregåande skule

Balestrand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger