Prost i Åsane

Det er ledig stilling som prost i Åsane prosti, Bjørgvin bispedøme.

Bjørgvin bispedøme sin visjon er: "Saman vil vi ære Den treeinige Gud - ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd".

Bjørgvin bispedøme har i perioden 2018 – 2020 hatt ei strategisk satsing på gudsteneste, diakoni og ungdom. Ny strategi og satsing for perioden 2021- 2024 er under arbeid og vil verte vedteke i bispedømerådet på nyåret. 

Åsane prosti er eit av fire prosti innan Bergen kommune. Det er 11 sokn i prostiet som strekk seg over bydelane Åsane, Arna og  Osterøy kommune. Sju av sokna har nynorsk som liturgisk målform. I tillegg ligg Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel i prostiet, og to fengselsprestar inngår i prestefellesskapet.

Folketalet i prostiet er over 70.000, og av desse er ca. 51.000 medlemmer av Den norske kyrkja. Kontrastane er store mellom sokna. Eit av dei største i landet,  Åsane sokn, har over 17.000 medlemmar, og eit av dei minste i landet ligg på Osterøy og har under 300 medlemmar.

Prosten har for tida sete i Osterøy kyrkjelege fellesråd, og kan møte med talerett i Bergen kirkelige fellesråd.

Prosten leiar prestetenesta i prostiet, gjer teneste som kyrkjelydsprest slik biskopen fastset, og elles
dei gjeremål som ligg til prostestillinga i følgje tenesteordning for prost. Det er 17 prestar i prostiet inkludert prosten. Prosten har kontorplass i Åsane kyrkje.

Vi søkjer ein prost som er oppteken av forkynning, liturgi og gudstenestefornying, og som brenn for gudstenesta. Vi søkjer etter ein strategisk leiar som har gjennomføringskraft, har gode relasjonsevner og trivst med å byggje fellesskap. Vi ynskjer å tilsetje ein prost som vil vere med å vidareutvikle eit spennande prosti med stor spennvidde i sosiologisk og kyrkjeleg profil. Her er bygdekultur, småindustri, storindustri, svære kjøpesentra, Norges Handelshøgskole, store idrettsanlegg med toppidrett og breiddeidrett, drabantbyar, og bustadstrok med dyre einebustader.

Bjørgvin bispedøme ynskjer fleire kvinner i leiande stillingar.   

Søkjar må kunne nytta begge målformar.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. trossamfunnsloven § 20 jf. politiregisterloven § 39). Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.

 

Arbeidsoppgåver
  • Leie prestetenesta i prostiet ut i frå tenesteordning for prostar.
  • Åndeleg og strategisk leiing
  • Sørgje for samvirke mellom prestetenesta og verksemda til dei kyrkjelege råda.
  • Motivera og leie medarbeidarar med høg kompetanse.
  • Administrasjons- og personalarbeid
  • Innkalle og leie prestemøte for prestane i prostiet.
  • Gjennomføre årleg prostevitjing i kyrkjelydane.
  • Deltaking på prostemøte og i vegleiing.
  • Prosten si teneste som kyrkjelydsprest vert fastsett av biskopen.
Kvalifikasjonar
  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum
  • Leiarkompetanse og leiarerfaring vil bli vektlagd.
  • Erfaring frå personal- og administrativt arbeid vil bli vektlagd.

Personlege eigenskapar
  • God teologisk kompetanse 
  • Engasjert og kvalitetsbevisst i arbeidet med gudstenesta
  • Evne til strategisk tenking og god gjennomføringskraft
  • Evne til å motivera og inspirera
  • God evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
  • Eit bispedøme med fokus på leiarutvikling
  • Stillingskode 0933 prost etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskudd i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldende regulativ
  • Arbeidsveiledning (ABV)
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Åsane senter 44, 5116 Ulset
Publisert 2021-01-12
Søknadsfrist 2021-01-24
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger