Kantor/organist

Vi har ledig inntil 50% fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd.

1.1.20 vart kommunane Gaular, Jølster, Førde og Naustdal slått saman til Sunnfjord kommune.

Tilsvarande har vi slått saman 4 fellesråd til eitt. Den nye kommunen har rundt 22.000 innbyggjarar.
Hovudadministrasjonen til fellesrådet har kontor i Førde.  Vi har 4 kantorar i organisasjonen og søkjer no etter ein ekstra kantor-ressurs.

Vi har ansvar for tenester i 6 sokn og det fordeler seg på 12 kyrkjer/kapell. 

 

Arbeidsoppgåver
  • Gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i kyrkjene, i hovudsak Holsen, Haukedalen og Førde, på søndagar og høgtidsdagar.
  • Speling ved gravferder kan vere aktuelt, evt etter turnusordning, i alle kyrkjene i kommunen.
  • Korarbeid kan vere aktuelt
  • Kontakt med øvrig musikkliv og enkeltpersonar for deltaking i gudstenester og konsertar.
  • Samarbeid med dei andre tilsette, om konfirmantarbeid og andre aktivitetar innan trusopplæring og diakoni i kyrkjelydane.
Du har fylgjande kvalifikasjonar
  • Kantorutdanning, jf utdanning i samsvar med tenesteordning for kantorar.
  • Anna relevant utdanning blir vurdert, også gode ferdigheiter på orgel/piano.
  • Erfaring frå arbeid med fleire musikalske uttrykksformer
  • Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale media
  • Både snakke og skrive godt norsk
Personlege eigenskapar som det vert lagt vekt på
  • Du er engasjert, kreativ og ynskjer å bidra til å vidareutvikle det musikalske arbeidet i kyrkjelyden
  • Du har evne til å ta initiativ og å fremje kyrkja sin plass i lokalsamfunnet
  • Du evnar å inkludere barn og unge i kyrkjelyden sitt musikkliv
  • Du evnar å skape tillit og er god på å kommunisere
  • Du har stor vilje og evne til samarbeid i staben, med frivillege og andre samarbeidspartnarar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi kan tilby:
  • Løn etter gjeldande tariffavtale for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • KA sitt avtaleverk
  • Rettleiing og eventuelt undervisning ved andre kantorar i fellesrådsområdet

Andre krav og opplysningar

Arbeidsgiver Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kyrkjevegen 23 F, 6809 Førde
Publisert 2021-03-12
Søknadsfrist 2021-04-10
Stillingstype fast inntil 50%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

6800 Førde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger