Kateket 100 % stilling i Florø

Florø i Vestland fylke. Her bur ca. 12000 menneske. Florø har eit rikt kulturliv med kulturskule, kor-, korps- og revymiljø. Her er flott natur for friluftsliv på land, fjell og sjø. Idrettannlegg, Havhesten symjehall. Flyplass, hurtigbåt til Bergen og nord til Måløy. Dei fire sokna i Florø Kinn, Eikefjord, Nordal og Bru er Kateketen sitt arbeidsområde.
Arbeidsoppgåver
  • Leie konfirmantarbeidet (ca. 110 stk.)
  • Leie kyrkjelydane si undervisningsteneste for barn og unge
  • Utvikle og vidareutvikle heilskaplege planar for kyrkjelydane sitt samla undervisningsarbeid
  • Utvikle og vidareutvikle samarbeidet med skular, barnehagar og andre instansar i kommunen
  • Rekruttere, inspirere og rettleie frivillige medarbeidarar
Kvalifikasjonar
  • Primært vert det søkt etter vigsla kateket med utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja
  • Søkarar med høgare utdanning innan pedagogikk og kristendom/teologi kan og bli vurdert
  • Erfaring med arbeid blant barn og unge 
Personlege eigenskapar blir vektlagt:
  • Identifisere seg med kyrkja si vedkjenning, og kunne formidle kristen tro og kristne verdiar med glede og engasjement
  • kontaktskapande og trivs saman med barn og unge
  • Evne til sjølvstendig arbeid
  • Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
  • Et godt og engasjert stabsfellesskap
  • Eit godt opparbeid konfirmant- og trusopplæringsarbeid
  • Eit godt samarbeid med foreldre og frivillige
  • Lønn etter kyrkjeleg tariff
  • Pensjonsordning i KLP

Kyrkjekontoret i Florø rommar Kateket, sokneprestar, kyrkjeverje, kantorar, kyrkjelydsarbeidar og sekretær.

Søkjar bør kunne nytte begge målformer, må vere medlem i Den norske kyrkje, ha førarkort og tilgang til eigen bil, og legge fram tilfredsstillande politiattest. (Barneomsorgsattest) Heimeside: www.kinn.kyrkja.no

Arbeidsgiver Kinn Kyrkjelege Fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Strandgata 43, 6900 Florø
Publisert 2021-03-24
Søknadsfrist 2021-04-11
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Kinn Kyrkjelege Fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger