Vår kyrkjelydspedagog går inn i nye oppgåver, og vi søker ein erstatter i inntil 100% stilling som kan ta over arbeidet med trusopplæring i Haram, HtO.
Kyrkjelydspedagogen vil saman med staben og kateket legge til rette for gjennomføring av trusopplæringstiltaka til dei fire sokna i Haram (Vatne, Brattvåg, Haram og Fjørtoft, og Hamnsund).
I tillegg vil stillinga i ein startfase gjennom ei prosjektoppgåve vurdere samorganiseringa av trusopplæringa i alle sokna pluss Sandøy sokn som følge av opninga av Nordøyvegen.
Dette inneber at ein ny kyrkjelydspedagog får høve til å legge til rette og utvikle sin eigen arbeidsplass saman med gode medarbeidere og engasjerte frivillige. Målet er innan 2022 å ha på plass ein god plan for arbeidet i alle sokna, og kunne lyse ut ei stilling til innan trusopplæring.
Kyrkjelydspedagog har dagleg leiar i sokna i Haram og Sandøy som næraste leiar. Fagleg ansvarleg for kyrkjeleg undervisning i sokna er kateket.
Arbeidsplass vil vere på kyrkjekontoret i Brattvåg saman med ein flott stab i eit inkluderande miljø. Det vert lagt vekt på samarbeid og fleksibilitet.
Haram (tidlegare Haram kommune) er satt saman av tre tettstader på fastlandet (Brattvåg, Vatne og Søvik), og fire øyer utanfor (Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy, og Fjørtoft).
Sandøy sokn består av fleire øyer med Harøy som den største. Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy, Fjørtoft, og Harøy vil alle få fastlandssamband i 2023 gjennom Nordøyvegen.
Området er ein del av Ålesund kommune, og gjev rikeleg høve til naturopplevingar gjennom sjø og fjell, fiske og natur. God kommunikasjon til bysentrum opnar for mange kulturelle opplevingar.
Det vert stilt krav til pedagogikk og bibelfag, eventuelt at ein ved tilsetting er villig til å ta relevante fag og kurs innan rimeleg tid. Bispedømmet har gode kurs og utdanningsløp for medarbeidere innan trusopplæringa.
Då sokna og kyrkjene er geografisk spreidd, må kyrkjelydspedagogen disponere bil og førarkort. Kvelds- og helgearbeid må påreknast i periodar.
Det er krav til Medlemskap i Den norske kyrkja, det er krav til politiattest ved tilsetting.
Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.