Kyrkjeverje/dagleg leiar

Ørsta kyrkjelege fellesråd

Ørsta kyrkjelege fellesråd har ansvar for tre kyrkjesokn; Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta i Søre
Sunnmøre prosti. Fellesrådet har 9 stillingar delt på 13 tilsette i tillegg til 3 prestar med teneste i fellesrådsområdet. Kyrkjeadministrasjonen med kontor for alle tilsette ligg i Ørsta sentrum. Kyrkjeleg fellesråd har eigne lokale med gode kontor og undervisingsrom. Kyrkjeleg fellesråd har ansvar for tre kyrkjer og fire gravplassar.

Ørsta kommune finn du midt mellom Sunnmørsalpane, i Møre og Romsdal fylke. Med fjordar, dalføre og bratte fjell ligg det til rette for eit allsidig og variert friluftsliv heile året. Kommunen har om lag 10500 innbyggarar, der om lag 7500 bur i Ørsta sentrum. Kommunen har eit allsidig næringsliv, med jordbruk, fiske og industri. Saman med Volda utgjer Ørsta eit senter med meir enn 20.000 innbyggarar. Her finn du vidaregåande skular, høgskule, sjukehus, og regional lufthamn med mange daglege avgangar til Sogndal/Bergen og Oslo. Ørsta har eit rikt kulturliv. Det finns om lag 350 lag og foreiningar i kommunen, og desse gjev ei stor bredde i tiltak og tilbod. I Hovdebygda finn ein òg nasjonalt senter for nynorsk språk og skriftkultur, Ivar Aasen tunet.

 

Arbeidsoppgåver
  • dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
  • økonomistyring og personalleiing
  • ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og administrasjon av gravplassar
  • sakshandsamar og sekretær for fellesrådet
  • vidareutvikle samarbeid og gode relasjonar til sokneråd, prestar, frivillige og andre samarbeidspartar
  • Fokus på omdømmebygging i lokalsamfunnet
  • kontakt/samarbeid med prost om mål og planer og om felles arbeidsmiljø
  • kontakt/samarbeid med kommuneleiinga m.m. Innhaldet i stillinga vil bli utvikla i samarbeid med stillingsinnehavar i høve fellesrådet sine prioriteringar og intern organisering av Den Norske Kyrkja.

Me kan tilby eit godt arbeidsfellesskap saman med løna og uløna medarbeidarar, engasjerte
sokneråd i aktive kyrkjelydar og godt samspel med andre lag og organisasjonar i kommunen. Tilsettingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.

Vi søkjer ein person som
  • Har relevant utdanning på universitet/høgskulenivå
  • Har god kjennskap til kyrkjeleg forvalting, kyrkja si organisering og trusgrunnlag
  • Har kunnskap og erfaring frå økonomiarbeid
  • Har leiarerfaring og gode samarbeidsevner
  • Er medlem i Den norske kyrkja
  • Har evne til å tenkje langsiktig og strategisk og kan arbeide målretta
  • Kan arbeide saman med frivillige og tilsette, og være med i utviklinga av det kristelege arbeidet
  • Har gode IKT-kunnskapar
  • Har evne til å kommunisera munnleg og skriftleg
  • Er fleksibel og god på relasjonsbygging
  • Er ryddig, strukturert og ansvarsfull
  • Kan handtere og trivast i eit hektisk miljø
Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som t.d. at du tek initiativ, er fleksibel og har gode samarbeidsevner

  • Kyrkjeverja vert tilsett i kode 5224 Dagleg leiar/kyrkjeverje
  • Løn etter avtale.
  • Pensjonsordning i KLP

Den tilsette må kunne disponere bil og ha førarkort. Nynorsk er målform for fellesrådet Fellesrådet står fritt til å lysa ut stillinga på nytt.

Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Arnstein Myklebust eller leiar i Ørsta Kyrkjelege Fellesråd Gudny Fagerhol. Du kan og finne meir informasjon på heimesida til kyrkjelydane i Ørsta; www.iKyrkja.no.

'Elektronisk søknad på www.kirkejobb.no

 

Kontaktinformasjon: 

Arnstein Myklebust
kyrkjeverje
700 48 646
 
Gudny Fagerhol
leiar i Ørsta Kyrkjelege Fellesråd
926 29 448
 
Arbeidsgiver Ørsta kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vikegata 5, 6150 Ørsta
Publisert 2021-06-07
Søknadsfrist 2021-06-20
Stillingstype Heltid, fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Ørsta kyrkjelege fellesråd
Vikegata 5
6150 Ørsta
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger