Sokneprest/Prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti med tenestestad i Ikornnes sokn

Møre bispedøme

Det er ledig stilling som sokneprest i Ikornnes sokn. Ein del av stillinga er tiltenkt teneste elles i prostiet.

Det er eit nært samarbeid med Sykkylven sokn (4743 medlemmer)  som saman med Ikornnes sokn (1302 medlemmer) utgjer Sykkylven kommune og fungerer som eit samarbeidsområde. Prostiet er tenestedistrikt, og prestane møtes regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Soknerådet arbeider aktivt og er resultatorientert. Kyrkjelyden har ein velfungerande stab, mange frivillige medarbeidarar og eit livskraftig kyrkjelydsarbeid med vekt på tiltak for born og unge. Soknepresten har kontorfellesskap i Sykkylven kyrkje saman med soknepresten i Sykkylven, kyrkjeverje, trusopplærar og kantor - alle i 100% stillingar. I denne fellesskapen er det òg kontorsekretær 50%, organist 20% og kyrkjetenarar i til saman 100% stilling.

Ikornnes kyrkje vart vigsla i 1978 og Sykkylven kyrkje i 1990. Det er ein avstand på tre km mellom kyrkjene. Begge er vakkert utsmykka og godt utstyrte arbeidskyrkjer. Dei fleste vigslar og gravferder finn stad i Sykkylven kyrkje. 

Sykkylven kommune er bygdebyen mellom fjorden og fjella, der 80% av dei tilhøyrer  Den norske folkekyrkja. Her finn du flate jordbruksvidder, høge fjell med blåbrear, men òg slakare turterreng med elvar og vatn. Sunnmørsalpane ligg innanfor kommunegrensa og er eit eldorado for friluftsliv sommar som vinter. Kommunen er i vekst og har skaparglede som sitt motto. Arbeidsmarknaden er solid og variert. Sykkylven er kjend som Noregs møbelhovudstad. Fabrikkane rundt Sykkylvsfjorden er velkjende både heime og ute for design og kvalitet.

I sentrum finn du Sykkylven kyrkje, rådhus, bankar, butikkar, post, barnehagar, grunnskular, vidaregåande skule, idrettshall, kunstgrasbane, småbåthamn, helsesenter og eit bu- og aktivitetssenter for eldre. Sykkylven har det meste av organiserte fritidstilbod for alle aldersgrupper. Frå sentrum tek det berre 15-20 minutt å nå ut til alle utkantar i kommunen. Veg og ferjesamband fungerer godt. Du kjem deg lett til Ålesund, Vigra flyplass og Molde.

Du kan lese meir om kyrkjelyden på http://www.sykkylven.kyrkja.no og kommunen på www.sykkylven.kommune.no

Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngi dette, jf. Offentlighetslova § 25.

Vi ønskjer helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og kristent liv blir fremja.
  • Soknepresten leier prestetenesta og må ha evne til pastoralt leiarskap. Det inneber mellom anna langsiktig tenkning, evne og vilje til å samarbeide om utforming og gjennomføring av planar og visjonar.
  • Prestane i soknet deler gudstenester, kyrkjelege handlingar, konfirmantundervisning og andre oppgåver mellom seg etter oppsett arbeidsplan og har godt innarbeidd tenesteturnus. Det vil så langt råd er bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Beredskapsordninga i prostiet er delt i to soner, og prestane deltek i ordninga.
  • Nynorsk er nytta i kyrkja og i skulane.
Kvalifikasjonar
  • Medlemskap i Den norske kyrkja 
  • Cand. theol. eller tilsvarande
  • Praktisk teologisk utdanning 
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i «Forskrift om tilsetting av menighetsprest» 
  • Med heimel i Arbeidsmiljølova § 13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt
  • Søkjar må opplyse om han/ho meistrar begge målformene
  • Det er krav om at det kan leggjast fram barneombodsattest (politiattest), jfr. Lov om Tros- og Livssynssamfunn §20
  • Førerkort klasse B og disponere eigen bil
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
Personlege eigenskapar
  • Evne til pastoralt leiarskap, og gode samarbeids- og gjennomføringsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og planmessig
  • Evne til å utruste og motivere frivillige medarbeidarar
  • Erfaring frå arbeid som prest i kyrkjelyd eller tilsvarande erfaring
  • Kan samarbeide kollegialt og tverrfagleg med stab, sokneråd og frivillige, og tenke kreativt om fellesskap og gudstenesteliv
  • Vidareutvikle og skape entusiasme rundt dei prioriterte arbeidsområda kyrkjelyden har
  • Setje av tid til eiga fornying både fagleg og menneskeleg
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Fleksibel og initiativrik
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
  • Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalen i staten, stillingskode 1555
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Godtgjersler og tilskot etter fastsette vilkår. Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtalar, reglement med meir og andre avgjersler som kan ha innverknad på gjeremål i tenesta
  • Møre bispedømme legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Gode kontorlokaler og stabsfellesskap

 

Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkylven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97000 innbyggjarar og 25 årsverk presteteneste. Folketalet i prostiet er veksande.  
Ikornnes sokn ligg i Sykkylven kommune med eit innbyggjartal på 7600 personar.

Delar av prostiet står på UNESCO si verdsarvliste, og er mellom dei vakraste landskapa i verda. Livleg turisttrafikk og møbelproduksjon pregar mange lokalmiljø.

Nett no er det grunn til å merke seg at det i Møre bispedøme er fleire ledige prestestillingar i nærliggjande sokn og kommunar som er eller vil bli lyst ut.  Det er høve for ektefellar eller vener å søkje på dei ledige stillingane kvar for seg. Ved tilsetjing av ektefellar vil det bli teke tenestlege omsyn. 

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ikornnesvegen 23, 6222 Ikornnes
Publisert 2021-06-10
Søknadsfrist 2021-08-05
Stillingstype 100%, fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger