Sokneprest i Åsane prosti, Hamre og Hosanger sokn

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Osterøy kommune er nabokommune til Bergen. Folketalet er ca. 8100, og stigande. Av desse er 6109 medlemmer av Den norske kyrkja (pr. februar 2021). På Osterøy er det fem kyrkjesokn (medlemstal i parentes): Hamre (1772), Hosanger (1091), Gjerstad (1985), Haus (991) og Bruvik (270).

Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Åsane prosti med Hamre sokn og Hosanger sokn som tenestestad. Stillinga vil og vere tett knyta til arbeidet i dei tre andre sokna på Osterøy. På sikt kan ein sjå for seg ei regulering av talet på sokn til færre sokn.

Kyrkjene i Hamre og Hosanger er begge eldre bygg. Særleg merkar kyrkja på Hamre seg ut som ei særprega kyrkje frå rundt år 1600. Statistikken for 2020 syner at det var 104 gudstenester på Osterøy. Det var 51 dåp, 56 gravferder, 7 vigsler og 60 konfirmantar. Soknepresten vil ta del i konfirmantarbeidet i kyrkjelydane, og prestane gjer teneste ved Osterøytunet etter oppsett turnus.

I staben ved kyrkja på Osterøy er det tilsett kyrkjeverje, konsulent, trusmedarbeidar, to kantorar/organistar og kyrkjetenarar. For tida er det også engasjert ein medarbeidar som tek del i konfirmantundervisninga. Den kyrkjelege staben har kontor sentralt i Lonevåg som er administrasjonssenteret i kommunen. I tilknyting til kontoret er det møtelokale (Kyrkjesenter) for ein del av kyrkjelydsarbeidet og konfirmantarbeidet. Sjå nærmare info om kommunen her: www.osteroy.kommune.no 

Det er i alt 17 prestar i prostiet, inkludert prost. Prosten har kontor i Åsane kyrkje, og leier prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging.

Les meir om kyrkja på Osterøy her: www.osteroy.kyrkja.no 

Målforma på Osterøy er nynorsk. Elles varierer målforma i Åsane prosti mellom bokmål og nynorsk. Den som vert tilsett bør kunne nytte begge målformer. 

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest, jf. trossamfunnsloven § 20 jf. politiregisterloven § 39 (1)). Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.   

 

Arbeidsoppgåver
  • Gudstenester, kyrkjelege handlingar og institusjonsbesøk etter oppsett plan
  • Medlem i sokneråda i Hamre og Hosanger
  • Konfirmantarbeid
  • Kyrkjelydsbyggjande arbeid
  • Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja. Beredskapsområdet omfattar for tida Åsane og Nordhordland prosti.
Kvalifikasjonar
  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein sokneprest som:

  • Er ein tydeleg pastoral leiar for kyrkjelydane med fokus på gudstenestearbeid  
  • Har god evne og vilje til samarbeid med stab, råd og frivillige
  • Kan skape og utvikle nye møteplassar for alle aldersgrupper i kyrkjelydane
  • Samarbeider godt med lokale frivillige organisasjonar, og har evne til å involvere lokale krefter i kyrkjelydsarbeidet
  • Samarbeider tett i møte med kollegaer ved fordeling av tenesteveker og andre oppgåver som må løysast i fellesskap
  • Trivst med å jobbe med konfirmantar, born og unge
Vi tilbyr
  • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgiftar godtgjort etter gjeldande regulativ
  • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsvegleiing (ABV)
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lonevågen 5, 5282 Lonevåg
Publisert 2021-06-17
Søknadsfrist 2021-08-15
Stillingstype 100%, fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger