Vikariat for rådgjevar i kyrkjefagavdelinga ved Møre bispedømekontor.

Den norske kyrkja, Møre bispedøme

Vikariat innan kyrkjefagfeltet i heil stilling, førebels for eit år. Stillinga er innan fagfelta, frivillig innsats, ungdom, integrering og kyrkjefagleg sakshandsaming. Grunna ulike permisjonar søkjer vi etter vikar som kan dekke fagområde som treng styrkt fokus og oppfølging. Vi leitar etter ein medarbeidar som arbeider like lett på kontoret som ute i dialog med medarbeidarar i kyrkjelyd og samarbeidande organisasjonar.

Du skal bidra med å gi råd til medarbeidarar, både tilsette og rådsvalde i bispedømmet. Du skal profilere kyrkjelivet i Møre i møte med medarbeidarar i Kyrkjerådet og du skal arbeidet lojalt med planar og prioriteringar i bispedømmet.

Du skal rettleie og framsnakke kyrkjelydane. Du skal kunne gjere bruk av dei ulike digitale plattformane som bispedømet har. Du skal rettleie i kyrkja si lære og du skal arbeide i team med andre rådgjevarar i kyrkjefagavdelinga på bispedømekontoret.  

Dersom ein søkjar ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt, og dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Tilretteleggjar og fagansvarleg for ungdomsdemokratiet i bispedømet
  • Sekretær og rådgjevar for Ungdomsrådet
  • Planlegging og gjennomføring av Ungdomsting
  • Samarbeide med aktuelle barne- og ungdomsorganisasjonar
  • Ansvarleg for plattformarbeidet med organisasjonane i «Kirkens unge»
  • Ha særskilt ansvar for frivilligfeltet og førebu/gjennomføre bispedømet sine satsingar
  • Integreringsarbeid knytt til menneske med særlege utfordringar
  • Bidra i samråd med rådgjevar undervisning med oppgåver knytte til trusopplæringa
  • Bidra i samråd med rådgjevar diakoni med ungdomsdiakonale oppgåver
  • Sakshandsaming og generell kyrkjefagleg rådgiving
  • Visitasarbeid
  • Ein må rekne med litt reiseverksemd i samband med besøk i kyrkjelydar og faggrupper 
Kvalifikasjonar
  • Høgskule/universitetsutdanning innan kyrkjefag, undervisning, diakoni eller teologi
  • Relevant erfaring kan erstatte manglande formalkompetanse
  • Kunnskap om og erfaring med bruk av sosiale medium
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • God kjennskap til Den norske kyrkja, kristen tru og tradisjon
  • Engasjement for kyrkje og samfunn
  • Medlem av Den norske kyrkja
  • Møre bispedøme har nynorsk som administrasjonsspråk og søkjar må opplyse om han/ho kan nytte både nynorsk og bokmål
  • Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest
  • Søkjaren må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
  • Evne til tverrfagleg samarbeid og planlegging.
  • Gode samarbeidsevner, integritet og evne til å oppmuntre, inspirere og utfordre.
  • Fleksibel, evne til å ta initiativ, arbeide strukturert og sjølvstendig.
Vi tilbyr
  • Løn i stillingskode 1434 Rådgjevar i tariffområde for KA. Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode kontorlokale sentralt i Molde. Ettersom fleire tilsette har lang arbeidsreise blir det lagt til rette for at ein kan ha lokal kontorstad, men med faste møtedagar ved kontoret i Molde
  • Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.m. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta

For nærare informasjon om denne stillinga, kontakt stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug eller avdelingsleiar kyrkjefag Arvid Helle.

 

Kontaktinformasjon:

Bjørn Olaf Storhaug
Stiftsdirektør
 92810040
 
Arvid Helle
Avdelingsleiar kyrkjefag
 41216956
 
 

Møre bispedøme omfattar Møre og Romsdal fylke. Frå 2020 består bispedømmet av 95 sokn og 25 kyrkjelege fellesråd fordelt på 6 prosti. Møre bispedømekontor er felles administrasjon for Møre biskop og Møre bispedømeråd. Bispedømerådet har økonomi-, plan og budsjettansvar, fordeler ressursar, tilset i prestestillingar og er godkjennings- og klageorgan. Møre biskop er tilsynsorgan for kyrkjeleg verksemd og tilsette, leier prestetenesta og er godkjenningsorgan for kyrkjer og lokalkyrkjeleg planverk.

Bispedømekontoret er i tidsmessige lokale og ligg sentralt i Molde. Kontoret er delt inn i Avdeling for Kyrkjefag og Avdeling Personal. Etter omorganisering er ein del merkantile funksjonar som lønn og økonomi, IT og telefoni lagt til nasjonale einingar som gjer oppgåver på vegner av bispedøma og Kyrkjerådet. All saksbehandling og store delar av møtebehandlinga er fullelektronisk. Tilsvarande gjeld for lønn, økonomi og andre merkantile funksjonar.

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Moldetrappa 1, 6415 Molde
Publisert 2021-06-29
Søknadsfrist 2021-08-05
Stillingstype 100% heltid, vikariat
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger