Sokneprest i Ål - Hallingdal prosti

Ønskjer du å vere sokneprest i eit inkluderande og engasjert bygdemiljø med eit rikt kultur- og friluftsliv? Vi leitar etter ein sokneprest som har evne til å leie og motivere andre og som har lyst til å vere med på å utvikle barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. Er det deg?

Hallingdal prosti søkjer etter ein ny sokneprest i Ål som ønskjer å gjere kyrkja synleg i lokalmiljøet, som vil styrke det felleskapsbyggjande arbeidet og som vil bidra til felles satsing for barn og ungdom.

Kyrkje og livet i kyrkjelyden
Kyrkjelivet på Ål er aktivt kyrkjelyd, og oppslutninga om gudstenestene er god. Evne til nytenking har prega kyrkjelydsarbeidet over fleire år; dette gjeld både liturgiutvikling, trusopplæring og den diakonale satsinga. Av nytenkande arbeid kan vi nemne: Folkemusikkgudstenesta, etableringa av Kafe Tid og Etter Skuletid.

Det frivillige engasjementet er høgt og det er ei rekje tilbod i kyrkjelyden.
I stillinga som sokneprest på Ål vil du få eit særleg ansvar for Leveld, Torpo og Ål sokn. Dei tre sokna har gått saman om eit felles sokneråd. I tida framover ønskjer soknerådet å arbeide med å styrkje det felleskapsbyggjande arbeidet og utvikle satsinga for barn og ungdom. Soknepresten vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare saman med frivillige, råd og tilsette i kyrkja. Godt samarbeid pregar relasjonen til kommune og dei andre menigheitsfelleskapa i Ål.

Stab og kontor.
Staben består av kyrkjeverje, sekretærar, kantor, kyrkjemusikarar, kyrkjelydspedagog, diakon, kyrkjetenarar, renhalder, prostiprest og prost med tilhald i gode kontor sentralt på Ål.

Våre kyrkjebygg
Ål kyrkje ligg i sentrum av Ål og like ved er kyrkjekontor og forsamlingssal. I Nordbygdene finn du Leveld kyrkje og Vats fjellkyrkje. På Torpo ligg Torpo kyrkje tett ved stavkyrkja. I tillegg feirar vi  gudstenester og vigslar i Naturkatedralen på Sangefjell og i Nystølkyrkja.

https://aal.kyrkja.no/ 

 

Arbeidsoppgaver
Ansvar for gudstenester og kyrkjelege handlingar, pt. fordelt mellom prestane etter tenesteveker
Ansvar for konfirmantarbeidet
Ansvar for skule-kyrkjesamarbeidet
Sete i Ål, Leveld og Torpo sokneråd
Anna kyrkjelydsutviklande arbeid
Sjelesorg 
Delta i trusopplæringstiltak 
Halde andakter på institusjonar
Delta i det tverrkyrkjelege leiarforumet
Delta i gjeldande beredskapsordning i Tunsberg bispedømme         
Delta i Arbeidsrettleiing 

Kvalifikasjoner
Utdanningsretning: Teologi/Livssynsfag
Utdanningstittel: Cand. theol. eller tilsvarande med praktikum 
Målforma i kommunen er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei beherskar begge målformer.
Tunsberg bispedømme krev at politiattest (barneomsorgsattest) blir lagt fram ved ved tilsetjing.  

Personlige egenskaper
God liturg og formidlar 
Evne til variert formidling i ulike samanhengar
Gode samarbeidsevner 
Ha evne til å inspirere og motivere
Kunne vidareføre eksisterande arbeid og sjå nye behov og muligheiter  i samarbeid med sokneråd, friviljuge og tilsette
Interesse for og erfaring frå arbeid med born og ungdom
Vere tydeleg tilstades i lokalsamfunnet 
Bidra inn i prostifellesskapet
Lyst til å gjere eit allsidig og variert prestearbeid
Evne og vilje til å arbeide i team

Vi tilbyr
Innplassering i stillingskode 1555 sokneprest etter KAs lønnsregulativ.
Pensjonsordning
Øvrige godtgjersler, rettar og forpliktingar som til ei kvar tid gjeld for prestetenesta
Arbeidsrettleiing (Arbeidsveiledning ABV)
Gode muligheiter til fagleg utvikling
Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
Godt kollegialt felleskap i prostiet


Namnet til søkjaren vil normalt bli offentliggjort. Ynskjer du ikkje at namnet ditt blir offentleg kjent, må det grunngjevast (offentlegheitslova § 25)

 

Arbeidsgiver Tunsberg bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Sundrevegen 66, 3570 Ål
Publisert 2021-08-31
Søknadsfrist 2021-09-21
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Tunsberg bispedømme

Tønsberg
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger