Kapellan i Øvre Telemark prosti med Bø sokn som tenestestad,2. g utlysing

Bø ligg i Midt-Telemark kommune, to timar med tog frå Oslo. Kommunen har rundt 10.500 innbyggjarar, og av desse bur 6.500 i Bø. I tillegg kjem eit stort tal med studentar ved universitetet. Kommunen er kjent for sitt rike kulturliv, med mange lag og organisasjonar, stort kulturhus og attraktive uteområde som Telemarksvassdraget og Lifjell. Bø er også handelssentrum for eit større område, noko som gjev eit godt tilbod av butikkar og serveringsstader. Øvre Telemark rommar 12 kommunar med 19,5 presteårsverk og prostesete i Seljord. Sjå meir på www.midt-telemark.kommune.no

Om kyrkjelyden
Om du ønskjer å arbeida som prest i ein aktiv kyrkjelyd saman med ein engasjert stab og ivrige frivillige, kan dette vera stillinga for deg. Du vil få hovudansvaret for arbeidet med dei om lag 50 konfirmantane i Bø, eit varierande tal ungdomsleiarar og i samarbeid med frivillige vaksenleiarar vil du også ha ei viktig rolle i treffpunktet Z ungdom.
I Bø står det klart eit lyst og fint kontor til deg i det nye kontorbygget på Bøhaugen, like ved kyrkjene. Her vil du jobba i fellesskap med sokneprest, kyrkjeverje, organist, korleiar, kontorfullmektig og to kyrkjetenarar. Sjå meir på www.bokyrkje.no.
Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med organisasjonane på Bø bedehus, og nyttar dette huset også til fleire av kyrkjelyden sine aktivitetar.
Prestane møtest jamleg til tenestekonferansar og studiesamlingar, og det er gode samarbeidstilhøve.

Kyrkjelyden sin visjon
«Bø kyrkjelyd vil vera ein møtestad mellom Gud og menneske, og menneske i mellom».
 
Satsingsområde
o Konfirmant- og ungdomsarbeid
o Leiartrening for ungdom
Eit stort satsingsområde i prostiet er konfirmant- og leiartreningsprogrammet «Ønsket og Elsket» med felles konfirmantleir om sommaren og helgesamlingar for ungdomsleiarar gjennom året. Her vil du samarbeide tett med ungdomsarbeidarar frå heile prostiet og «Ønsket og Elsket» sin eigen stab. Sjå meir på www.ønsketogelsket.no
 
Gudstenestelivet
Du vil møta eit levande gudstenesteliv med deltaking av medliturgar, ministrantar og ikkje minst dei mange kora knytt til kyrkjelyden sin eigen korskule.
Til stillinga ligg om lag 40 gudstenester. 30 av desse er i Bø kyrkje, medan 10 gudstenester er i Sauherad-delen av kommunen. Av dei rundt 40 kyrkjelege handlingane som ligg til stillinga, høyrer om lag 10 til Sauherad-delen av kommunen.

Elles
Den som vert tilsett må rette seg etter:
- Endringar i tenesteordning for prestar og reglar om lønnsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn.
- All avgjersle som måtte bli teken vedrørande tenesta og tenestestad.
 
Målforma i soknet er nynorsk, og den som søkjer må kunne stadfeste at han/ho kan nytta båe målformer.
 
Kvinner vert oppfordra til å søka.
 
Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jfr. offentleglova 25, 2. ledd).

 

Arbeidsoppgåver
  • konfirmant-, ungdoms- og leiararbeid
  • gudstenester og kyrkjelege handlingar
Kvalifikasjonar
  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Personlege eigenskapar
  • kan kommunisera godt med ungdom, også på sosiale medium
  • god samarbeidsevne og syn for heilskapen i kyrkjelyden
Vi tilbyr
  • lønn som kapellan i stillingskode 0922
  • etter- og vidareutdanning
  • godtgjersle etter gjeldande satsar
  • pensjonsinnskot
  • arbeidsrettleiing         
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Bøgata 8, 3800 Bø i Telemark
Publisert 2021-09-13
Søknadsfrist 2021-10-07
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger