Kateket/kyrkjelydspedagog/trusopplærar

Årdal kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling i 100% som kateket/kyrkjelydspedagog/trusopplærar med arbeidsstad Øvre Årdal - og Nedre Årdal sokn.

 

Øvre Årdal sokn og Nedre Årdal sokn ligg i Årdal kommune i Vestland fylke. Kommunen har 5 170 innbyggjarar med eit godt utbygd tenesteapparat, og er ein kulturell-og idrettsaktiv kommune. Her er èi kyrkje i kvart sokn, i tillegg til eit funksjonelt kyrkjelydshus på Årdalstangen i Nedre Årdal sokn. Kyrkjekontoret ligg i Rådhus II i sentrum av Årdalstangen.

Vi søkjer ein person som:

  • • har kompetanse innanfor pedagogikk og kristendom
  • • har erfaring med, og likar å jobbe med barn og unge
  • • har evne til å jobbe sjølvstendig og likar å samarbeide med andre

 

Den som blir tilsett må:

  • • vere medlem av Den norske kyrkja
  • • vise politiattest

 

Relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse. Noko av arbeidstida må påreknast å bli lagt til kveld/helg.

Arbeidsoppgåver er blant anna å vidareføre innarbeidde tiltak og utvikle nye trusopplæringstiltak i sokna, i tillegg til å vidareutvikle samarbeidet med andre organisasjonar, barnehagar og skular.

Vi tilbyr:

  • • ein spennande stilling der det er eit godt rom for å utvikle og satse på arbeidet blant barn og unge i Årdal
  • • løns-og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariff
  • • medlemskap i KLP

 

For meir informasjon om stillingen, kontakt kyrkjeverje Johanne Molland, tlf. 477 99 135 eller sokneprest Wenche Lie Lysne, tlf. 995 54 531. Send søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål innan 29.oktober til;

www.johanne.molland@ardal.kommune.no

Arbeidsgiver Årdal kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Statsråd Evensens veg 1, 6885 Årdalstangen
Publisert 2021-09-30
Søknadsfrist 2021-10-29
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Årdal kyrkjelege fellesråd
Statsråd Evensens veg 1
6885 Årdalstangen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger