Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Sula sokn som tenestestad

Det er ledig stilling som sokneprest i Sula. Sula sokn og kommune har sams grenser og er særskilt arbeidsområde.

Det er ledig stilling som sokneprest i Sula. Sula sokn og kommune har sams grenser og er særskilt arbeidsområde.

Det er to prestar i Sula - ein sokneprest og ein kapellan. Prostiet er tenestedistrikt, der prestane møtes regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Sula kommune ligg sør for Ålesund og har eit folketal på 9300. Tettstaden Langevåg har eit folketal på omlag 4.500. Det er 4 kommunale og 4 private barnehagar, 3 barneskular, ein ungdomsskule i kommunen. Kyrkja har eit godt samarbeid med skulane og barnehagane. I kommunen er det også sjukeheim og fleire institusjonar som får regelmessige vitjingar frå tilsette i soknet. På Sula er det 4 bedehus tilknytta indremisjonen, ein evangelisk Luthersk frikyrkjelyd og ein pinsekyrkjelyd.
 
Talet på konfirmantar vekslar litt frå år til år, men ligg på rundt 100 i snitt. Mesteparten av konfirmantarbeid er lagt til rett etter skuletid og leir. Det vert døypt ca.70 born i året, og det er eit snitt på 70 gravferder og om lag 10 par vert vigde kvart år. Gjennomsnittleg gudstenestedeltaking dei siste åra har vore ca. 130. Den seinare tida har ein arbeidd mykje med å utvikle og endre formene i gudstenestefeiringa. Dette har resultert i to nye typar gudstenester med mykje musikk og svært variert musikalsk innhald. Kyrkjelyden har eit stort barnekor, “tweens-”kor og Ten-Sing. Ein driv klubb i kyrkja for menneske med funksjonsnedsetting, og jamnlege undervisning- og samtalekvelder for vaksne.
 
Kyrkjelyden sine kontorfunksjonar er samla i Langevåg, med eiga kontoravdeling i Rådhuset. Kyrkjekontoret er godt utstyrt med moderne kontortekniske hjelpemiddel.
Målforma i kommuneadministrasjon, skuleverk og i kyrkjelyden er nynorsk.
I tillegg til sokneprest og kapellan, er det heile stillingar for kyrkjetenar, kantor, kateket, diakon, kyrkjelydspedagog og kyrkjeverje i soknet. Ved kyrkjekontoret er det dessutan ei konsulentstilling i 80%. Det vert halde stabsmøte kvar veke.
Sula har to kyrkjer. Langevåg kyrkje (1948) er hovudkyrkja med om lag 450 sitjeplassar. Indre Sula kyrkje (1984) har 300 sitjeplassar i hovudhøgda. I denne kyrkja er det dessutan eit tilleggsareal på 400 m2 i kjellarhøgd med fleire grupperom, møterom, matsal, storkjøkken og ei lita kontoravdeling. Det er kyrkjegard ved begge kyrkjene.
Avstanden mellom dei to kyrkjene er om lag 10 km.
 
Soknerådet er aktivt og organiserer kyrkjelyden sitt arbeid gjennom fleire utval. Mange frivillige er med på å lage gudstenester og drive kyrkjelyden sitt arbeid.
 
Du kan lese meir om kyrkjelyden på www.kyrkja.no/sula eller kommunen på www.sula.kommune.no Kyrkjelyden er og aktive på Facebook www.facebook.com/sulakyrkjelyd

Vi ønskjer helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jr. Offentleglova § 25

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med «Tjenesteordning for menighetsprester» forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og kristent liv blir fremja.
  • Soknepresten leier prestetenesta og må ha evne til pastoralt leiarskap. Det inneber mellom anna langsiktig tenkning, evne og vilje til å samarbeide om utforming og gjennomføring av planar og visjonar.
  • Prestane i soknet deler gudstenester, kyrkjelege handlingar, konfirmantundervisning og andre oppgåver mellom seg etter oppsett arbeidsplan og har godt innarbeidd tenesteturnus. Det vil så langt råd er bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Bereredskapsordning i prostiet er delt i to soner, og prestane deltek i ordninga.
  • Nynorsk er nytta i kyrkja og i fleire av skulane.
Kvalifikasjonar
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Cand. theol. eller tilsvarande
  • Praktisk teologisk utdanning
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, blir bedt om å beskrive tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste" (VTP)
  • Det er krav om at det kan leggjast fram barneombodsattest (politiattest), jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i «Forskrift om tilsetting av menighetsprest»
  • Med heimel i Arbeidsmiljølova § 13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt
  • Førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
Personlege eigenskapar
  • Evne til pastoralt leiarskap, og gode samarbeids- og gjernnomføringsevner
  • Evne til å arbeide sjøvstendig og planmessig
  • Evne til å utruste og motivere frivillege medarbeidarar
  • Erfaring frå arbeid som prest i kyrkjelyd eller tilsvarande erfaring
  • Kan samarbeide kollegialt og tverrfagleg med stab, sokneråd og frivillige, og tenke kreativt om fellesskap og gudstenesteliv
  • Vidareutvikle og skape entusiasme rundt dei prioriterte arbeidsområda kyrkjelyden har
  • Setje av tid til eiga fornying både fagleg og menneskeleg
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Fleksibel og intiativrik
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Søkjar må opplyse om han/ho meistrar begge målformene
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
  • Stillinga blir løna etter Hovudtariffavtalen i KA stillingskode 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse
  • Godtgjersler og tilskot etter fastsette vilkår. Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtalar, reglement mv og andre avgjersler som kan ha innverknad på gjæremål i tenesta
  • Møre bispedømme legger vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
  • Gode kontorlokaler og stabsfellesskap i Sula kyrkjelyd

 

Sula sokn ligg i Nordre Sunnmøre prosti som omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkulven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97 000 innbyggjarar og 25 årsverk i prestetenesta.  Folketalet i soknet og i prostiet er veksande.

Sula sokn og Sula kommune har same geografiske grenser. Sula kommune er nabokommunen til Ålesund og er i sterk vekst med eit folketal på ca. 9300 innbyggjarar. Tettstaden Langevåg har eit folketal på om lag 4500.

Det er båtsamband (7 min) frå Langevåg sentrum til Ålesund sentrum. Etter landevegen er avstanden frå Langevåg til Ålesund sentrum ca. 30 km. Til Vigra flyplass tek det ca. 45 min å køyre med bil frå Langevåg. Naturen på Sula gjev gode vilkår for friluftsliv både sommar og vinter.

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg
Publisert 2021-10-01
Søknadsfrist 2021-10-29
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger