Sokneprest i Indre Romsdal prosti med Hen, Eid og Holm sokn som særleg tenestestad

Det er ledig stilling som sokneprest i Hen, Eid og Holm sokn i Rauma kommune i Indre Romsdal prosti.

Stillinga har dei to sokna Eid og Holm samt Hen som særskilt arbeidsområde, men presten skal og gjere teneste i eit samarbeidsområde som geografisk fell saman med Rauma kommune.  Heile Indre Romsdal prosti er tenestedistrikt.  Soknepresten har sete i dei to sokneråda Eid og Holm samt Hen. Dei andre to prestane har sete i dei andre fire sokneråda.
 
Det er kyrkjeverje i 100% stilling, 2 organistar i til saman 130% stilling, kontorsekretær i 40% stilling, diakon i 70 % stilling, trusopplæringsmedarbeidarar i 60 % stilling, prostesekretær i 20% stilling, samt klokkarar og kyrkjetenarar i mindre deltidsstillingar. Prestane og dei fellesrådstilsette har kontor- og stabsfellesskap ved kyrkjekontoret på Åndalsnes.
 
Eid og Holm sokn med om lag 900 medlemmer har kyrkje på Holm, i Eidsbygda og i Rødven.  I tillegg kjem Rødven stavkyrkje som vert nytta ved enkelte høve.  Det er ca 27 gudstenester i året i Eid og Holm sokn.  Hen sokn med om lag 1550 medlemmer har kyrkje i Isfjorden og har ca 25 gudstenester i året.  Det er god oppslutnad om dåp og konfirmasjon både i Voll og Grytten.

Kyrkjelydane i Rauma har eit felles diakoniutval og eit felles trusopplæringsutval. Trusopplæring er organisert i begge sokna.  Anna kyrkjebyggjande arbeid blir også gjort av uløna medarbeidarar. I kommunen har vi eit gospelkor for vaksne.
 
Organistane har eit nært samarbeid med andre song- og musikkutøvarar i gudstenester og til song- og musikkarrangement. I samarbeidsområda er det mange bedehus, der det fleire stader er god aktivitet. Samarbeidet mellom kyrkja, skulane og dei frivillige organisasjonane er positivt og godt.

I Åndalsnes ligg endestasjonen for Raumabanen med bussforbindelse til Molde og Ålesund. Næringsgrunnlaget er dominert av jord-/skogbruk, industri og reiseliv. Åndalsnes er kommunesenteret med kommuneadministrasjon, legesenter og butikkar og nytt helsehus. Kommunen har god barnehagedekning og har 4 kommunale barneskuler, 3 ungdomsskular, ein vidaregåande skule og ein privat barneskule. Det er også kommunal musikk- og kulturskule. I Rauma kommune er det aktive idrettslag og andre ulike lag og foreiningar.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • I samarbeidsområdet deler dei 3 prestane gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. Nynorsk er nytta i kyrkje og skule. Bokmål blir nytta i deler av kommunen.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer etter ein prest som har evne til åndeleg og strategisk leiing. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Å sjå og oppmuntre medarbeidarar og vere med å løyse ut og utvikle tenestegåver hos andre blir sett som viktig, likeeins vilje til teambygging i arbeidet for å nå kyrkjelyden sine mål.
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn §20.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"(VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Språkforma i kyrkjene er nynorsk.
  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Med heimel i Likestillings- og diskrimineringslova § 30-2 vert opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jr. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Skape godt samarbeid med ansatte og frivillige medarbeidarar.
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
Vi tilbyr
  • løn etter hovudtariffavtalen i KA, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

 

Rauma kommune ligg i Møre og Romsdal og har noko av Noregs villaste fjellområder med mellom anna Trollveggen, Romsdalshorn og Venjetindane. Kommunen har 7400 innbyggjarar og kommunesenteret på Åndalsnes er også kjent som Noregs tindehovedstad. Det er eit fantastisk område for mennesker som er glad i friluftsliv, og med visjonen om å bli "Verdens beste kommune for naturglade mennesker", ønsker kommunen å stimulere til aktivt bruk av den spektakulære naturen.

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vollan 6, 6300 Åndalsnes
Publisert 2021-10-01
Søknadsfrist 2021-10-29
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

"Prest i Norges vakraste og mest mangfaldige bispedøme"

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger