Rådgivar kommunikasjon og digitalisering

Kyrkja satsar på kommunikasjon både nasjonalt, regionalt og lokalt, og bispedømmet søkjer iderik og entusiastisk rådgivar.

Du bidrar til å profilere kyrkja i Møre bispedømme, og jobbar tett med medarbeidarar på bispedømmekontoret og med kontaktpersonar i kyrkjelydane. I særlig grad arbeider du med å vidareutvikle intern og ekstern kommunikasjonsstrategi i bispedømmet. Innan kommunikasjonsfeltet leier du arbeidet med styrke samhandlinga med og mellom kyrkjelydane. I tillegg arbeider du tett med kommunikasjonsavdelinga i kyrkjerådet. Stillinga er lagt til kyrkjefagavdelinga og er ein 3-årig prosjektstilling.

Dersom ein søkjar ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt, og dersom bispedømmeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Kommunikasjonsfagleg ressurs og bindeledd mellom bispedømme og kyrkjelydar
  • Vidareutvikle nye kommunikasjonskanalar med vekt på sosiale medium
  • Utvikle, publisere og følgje opp kampanjar og innhald i kyrkja sine digitale kanalar
  • Vidareutvikle digitale møteplattformar
  • Bidra med kommunikasjonsfagleg kompetanse i pågåande arbeid og prosjekt
  • Kommunikasjon ved kriser og beredskap
  • Ansvar for digital tilrettelegging (E-meeting) og gjennomføring av møter og arrangement
  • Interne og eksterne informasjon- og kommunikasjonsoppgåver
  • Ta del i nettverk for kommunikasjonsmedarbeidarar i Den norske kyrkja
  • Delta i bispedømmet sitt kommunikasjonsteam.
  • Tett kontakt og samarbeid med Kyrkjerådet si kommunikasjonsavdeling
  • Vere bindeledd mellom sentralkyrkjelege organ og lokalkyrkjelyden 
  • Noko reising må reknast med
  • Utføre sakshandsaming innanfor eigne saksfelt. Alt etter behov, kompetanse og interesse kan det bli aktuelt å overføre saksområder mellom rådgivarane  
  • Stillingen tek del etter turnus som adm. ressurs ved visitasar
  • Gi råd og framsnakke kyrkjelydane  
Kvalifikasjonar
  • Utdanning ved høgskule/universitet innan journalistikk, kommunikasjon, markedsføring/mediefag
  • Relevant arbeidserfaring
  • Brei kommunikasjonsfagleg bakgrunn
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • God kjennskap til Den norske kyrkja, kristen tru og tradisjon
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Møre bispedøme har nynorsk som administrasjonsspråk og søkjar må opplyse om han/ho kan nytte både nynorsk og bokmål
  • Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest
  • Søkjaren må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Teamorientert
  • Gode samarbeidsevner, integritet og evne til å oppmuntre, inspirere og utfordre
  • Fleksibel, evne til å ta initiativ, arbeide strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
  • Løn i stillingskode 1434 Rådgivar i tariffområde for KA. Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode kontorlokale sentralt i Molde.  For tilsette som bur andre stadar innan bispedømmet, blir det lagt til rette for at ein kan ha lokal kontorstad, men med faste møtedagar ved kontoret i Molde 
  • Møre bispedømme arbeider for å få til balansert samansetting mellom alder og kjønn og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne. 
  • Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.m. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta

For nærare informasjon om denne stillinga, kontakt stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug eller avdelingsleiar kyrkjefag, Arvid Helle

 

Møre bispedømme omfattar Møre og Romsdal fylke og består av 96 sokn og 32 kyrkjelege fellesråd fordelt på 7 prosti. Møre bispedømmekontor er felles administrasjon for Møre biskop og Møre bispedømmeråd. Bispedømmerådet har plan-, budsjett- og økonomiansvar, fordeler ressursar, tilsett i prestestillingar og er godkjennings- og klageorgan. Møre biskop er tilsynsorgan for kyrkjeleg verksemd og tilsette, leier prestetenesta og er godkjenningsorgan for kyrkjer og lokalkyrkjeleg planverk. 

Bispedømmekontoret er i tidsmessige lokale og ligg sentralt i Molde. Kontoret er delt i to fagavdelingar; Avdeling Kyrkjefag og Avdeling HR. Etter omorganisering er ein del merkantile funksjonar innanfor arkiv, økonomi/løn, IT og telefoni er lagt til nasjonale einingar som gjer oppgåver på vegner av bispedømma og Kyrkjerådet. All sakshandsaming og store delar av møtehandsaminga er fullelektronisk, tilsvarande gjelder for økonomi/løn og andre merkantile funksjonar.  

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Moldetrappa 1, 6415 Molde
Publisert 2021-10-05
Søknadsfrist 2021-10-29
Stillingstype Engasjement, 100% heltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger