Kontorleiar ved Møre bispedømmekontor

Vi søkjer etter ein positiv og serviceinnstilt person til stillinga som kontorleiar ved Møre bispedømmekontor.

Du ivaretar nøkkelfunksjonar ved kontoret m.o.t. planlegging og gjennomføring av møter og arr. Du har drift-, økonomi- og administrasjonsfunksjonar og har sentrale oppgåver knytt til gjennomføring av dei kyrkjelege vala. Du gir leiarstøtte og samhandlar med begge avdelingane ved kontoret. Stillinga er lagt til personalavdelinga. 

Vi nyttar P360/Emeetings i sakshandsaming og møteadministrasjon, Xledger/Aditro som rekneskap og lønssystem, Microsoft office som administrative system. Vi nyttar intranett «Kirkebakken», Teams og kyrkja sitt eige konferanse/møte-utstyr til (digitale) møter og videokonferansar. Eiga nettside og facebook blir nytta i ekstern kommunikasjon. Kontorleiar har fast arbeidsstad ved bispedømmekontoret i Molde.  

Dersom ein søkjar ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt, og dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Dagleg drift av bispedømmekontoret.
  • Medansvar for tilrettelegging og gjennomføring av møter ved bispedømmekontoret og i regi av bispedømmet
  • Sekretær med ansvar for gjennomføring av kirkeval.
  • Leiarstøtte for stiftsdirektør og biskop.
  • Sakshandsaming.
  • Bindeledd med nasjonale einingar innanfor økonomi, arkiv, IT og telefoni.
  • Utføre oppgåver knytte til økonomi, post/arkiv.
  • Oppfølging av innkjøp og avtalar.
  • Utvikle og utøve interne rutinar og system.
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på høgskulenivå.
  • Relevant erfaring.
  • God kunnskap om kyrkjeleg verksemd og organisering.
  • God kunnskap om bruk av elektronisk-, administrative system.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Medlemskap i Den norske kyrkja.
  • Møre bispedømme har nynorsk som administrasjonsspråk og søkjar må opplyse om han/ho kan nytte både nynorsk og bokmål.
  • Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20.
  • Søkjaren må ha førarkort og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
  • Evne til tverrfagleg samarbeid og planlegging
  • Evne til sjølvstendig arbeid og initiativ, tidvis med høgt arbeidstempo
  • Gode samarbeidsevner, integritet og evne til å oppmuntre, inspirere og utfordre
  • God formidlingsevne og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk/bokmål
Vi tilbyr
  • Løn i stillingskode 1071 Kontorleiar i tariffområde for KA. Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid med kjernetid.  
  • Gode kontorlokale sentralt i Molde.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå balansert alders- og kjønnssamansetting og ønsker å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Møre bispedømme har avtale om IA (inkluderande arbeidsliv). Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.m. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.

 

Møre bispedømme omfattar Møre og Romsdal fylke og består av 96 sokn og 32 kyrkjelege fellesråd fordelt på 7 prosti. Møre bispedømmekontor er felles administrasjon for Møre biskop og Møre bispedømmeråd. Bispedømmerådet har plan-, budsjett- og økonomiansvar, fordeler ressursar, tilsett i prestestillingar og er godkjennings- og klageorgan. Møre biskop er tilsynsorgan for kyrkjeleg verksemd og tilsette, leier prestetenesta og er godkjenningsorgan for kyrkjer og lokalkyrkjeleg planverk. 

Bispedømmekontoret er i tidsmessige lokale og ligg sentralt i Molde. Kontoret er delt i to fagavdelingar; Avdeling Kyrkjefag og Avdeling HR. Etter omorganisering er ein del merkantile funksjonar innanfor arkiv, økonomi/løn, IT og telefoni er lagt til nasjonale einingar som gjer oppgåver på vegner av bispedømma og Kyrkjerådet. All sakshandsaming og store delar av møtehandsaminga er fullelektronisk, tilsvarande gjelder for økonomi/løn og andre merkantile funksjonar.  

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Moldetrappa 1, 6415 Molde
Publisert 2021-10-05
Søknadsfrist 2021-10-29
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger