Vil du vere med å utvikle kyrkjelydslivet for born og unge, og nyte naturen i Øvre Setesdal?
Me har fem kyrkjer i sokna, med gudstenester, kyrkjelege handlingar, diakonale tiltak og trusopplæringstiltak.
Trusopplæringsplanen for kvart sokn er styrande for arbeidet. Den som vert tilsett skal setje i gong arbeid med å slå planane saman. Det er utnemnt trusopplæringsutval i båe sokn, der den som vert tilsett er medlem og har sekretærfunksjon.
Det er ynskjeleg at den som vert tilsett har musikalsk kompetanse som kan vere med å breie ut det musikalske uttrykket i kyrkjelydane.
Prosjektstillinga vert utvikla saman med kyrkjeverjene i sokna, med mål om vidareføring av stilling etter prosjektslutt.
Staben har kontorfellesskap i Bykle og Valle. Det er tilsett ein sokneprest, to kyrkjeverjer/kyrkjelydsarbeidarar, og kyrkjetenarar. Det leigast inn noko organisttenester.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle trusopplæringsarbeidet i sokna
- Motivere og tilrettelegge for kontinuerlege tiltak, der det er behov for det
- Vere ein del av konfirmant- og trusopplæringsarbeid
- Legge til rette for at ungdom skal ha eit godt lokalt rusfritt tilbod og samtidig utvikle trua si
- Rekruttere frivillige medhjelperar
- Samarbeide med andre organisasjonar i sokna
- Bidra med kyrkjemusikk i ulike samanhengar
- Andre oppgåver kan verte tillagt
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan kristendom og pedagogikk. Anna utdanning kan og vere aktuell, til dømes innan musikk og formidling
- Må kunne jobbe sjølvstendig og i team, med stab og frivillige
- Ha god formidlings- og samhandlingsevne i møte med born, unge og vaksne
- Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja
- Tilfredsstillande politiattest ihht Trussamfunnslova § 20, må bli framlagt før tilsetjing
- Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege egenskaper
- Gode leiareigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner til arbeid med stab og frivillige
- Vere initiativrik, kreativ, sjå moglegheiter og ha gjennomføringsevne
- Arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta
- Evne til nytenking
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Løn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
- Godt sosialt og åndeleg fellesskap
- Breitt arbeidsfelt
- Fleksibel arbeidstid
- Kvelds- og helgearbeid må påreknast
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, pliktig medlemskap i KLP med 2 % trekk i brutto løn
- Kyrkja kan hjelpe med bustad
- Les meir om verksemda vår på www.bykle.kyrkja.no
Søknadfrist: 05.12.2021
Arbeidsgjevar: Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd/Bykle kyrkjelege fellesråd
Stad: Bykle/Valle
Stillingstittel: Trusopplærar og kyrkjemusikar
Tilsetjingsforhold: Nyoppretta eittårig prosjektstilling
Stillingsprosent: 100 %
Søknad med CV sendast på epost til: post@bykle.kyrkja.no
Spørsmål rettast til:
Tor Hallvard Mosdøl, kyrkjeverje i Bykle, tlf 99298390
Sissa Ringstad, kyrkjesjef i Valle, tlf 97784706