Vi søkjer ein engasjert kantor / kyrkjemusikar som vil vere med på visjonen vår; Ulstein kyrkje – saman på ferda!
Som kantor i Ulstein vert du ein del av eit rikt kulturliv, godt samarbeid med lokalt musikkliv og ein mangfaldig kultur for kor og allsong.
I arbeidet med gudstenester og kyrkjelege handlingar er det tett samarbeid med prestane våre.
Kantoren leiar kyrkjelyden sitt musikalske arbeid, og må kunne handtere instrument som piano og orgel profesjonelt.
Kyrkjelyden driv kor, både for barn, ungdom og vaksne og kantoren har ei sentral rolle i å inspirere kora.
Det er ønskjeleg at kantoren har brei musikalsk kompetanse for å leie kyrkjelyden i salmessong og lovsong, både gjennom tradisjonelle og moderne musikkuttrykk. Samspel med frivillige aktørar er avgjerande i dette.
Kantoren er også ein viktig ressurs i kyrkjelyden sitt arbeid med konfirmantar, trusopplæring og det frivillige barne- og ungdomsarbeidet.
Kantoren vil bli blir del av ein kreativ og kompetent stab, der vi er glade i arbeidet vårt og folka vi er sett til å tene. Vi arbeider sjølvstendig og i team med kvarandre og med frivillige medarbeidarar. Samhandlinga mellom sokneråd, stab og utval er god, og kyrkja sitt arbeid er respektert og verdsett som ein viktig del av lokalsamfunnet.
Kyrkja samarbeider godt med aktive lag og organisasjonar som speidar, KFUK-KFUM, KRIK, søndagsskulen og misjonsorganisasjonane.
Kantoren leiar soknet sitt musikk- og kulturarbeid ved å:
Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett er eigna for stillinga, og vi vi har forventningar til at kantoren har:
Ulstein sokn har samanfallande grenser med Ulstein kommune på Sunnmøre. Kommunen er senter for eit sterkt maritimt miljø, og har godt utbygt handels- og servicetilbod, samt Sunnmøre Folkehøgskule og vidaregåande skule. Kommunen har stor folketalsvekst, og har eit innbyggartal på over 8600. Befolkninga er ung og i skulen er meir enn 30 nasjonalitetar representert.
Ulstein har ei soknekyrkje og ein gravplass lokalisert i Ulsteinvik. Det ligg fram føre konkrete planar om bygging av ny arbeidskyrkje.
Ulstein sokn er ein av kyrkjelydane med størst oppslutning om gudstenestene i landet, og det er godt samarbeid med lag og organisasjonar. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Soknet driv kor og kulturarbeid, Open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid.
Kyrkjekontoret har eigne lokale like ved kyrkja og rådhuset. Staben er samansett av: kyrkjeverje (100%), sokneprest (100%), kapellan / 80%), kantor (100%), kateket(100%), diakon (100%), trusopplæringsmedarbeidarar (50% og 40%), kyrkjetenar (35%), sekretær (80%) og b/u-arbeidar (20% ) I tillegg har vi til saman 115% stilling på kyrkjegarden og 30% stilling knytt til barnehagen.
Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med kommunen. Det er gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen og med sokneråd og fellesråd, og det er eit godt arbeidsmiljø ved kontoret.