Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg sokn som særleg tenestestad

Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg sokn som særleg tenestestad.

Brattvåg er ein ung bygdeby på Sunnmøre  med ca. 2500 innbyggjarar i Ålesund kommune. Her er vidaregåande skule, nytt kulturhus og mange aktivitetar for folk i alle aldrar. Soknekyrkja er ei arbeidskyrkje frå 1977 og ligg i Brattvåg sentrum. I soknet ligg også Hildre kyrkje (1934) 7 km frå Brattvåg. Til Vatne kyrkje er det 16 km og til Hamnsund kyrkje 18 km. Det er godt samarbeidsklima internt i soknet og med 5 av dei andre sokneråda i kommunen. Det er mange nasjonalitetar representert i Brattvåg, noko som gir eit stort potensiale for intergreringsarbeid.

Det er 4 sokneprestar i staben, 2 på fastlandet 2 på øyane. Prestane samarbeider om tenesteveker av sokna og om andakter på institusjonane. I høgtidene samarbeider sokna om felles gudstenester. Kateketen har ansvar for konfirmantane i Brattvåg saman med soknepresten. Kateketen er tilretteleggar for konfirmantopplegget i sokna. Det er god oppslutning om både dåp og konfirmasjon. Kyrkjelydane driv eit stort og aktivt trusopplæringsarbeid med god oppslutning. Prestane tek del i dette arbeidet. Til Sprell Levande gudstenestene kjem mange barnefamiliar. Her er godt samarbeid med bedehusa og dei kristne organisasjonane, mellom anna i arbeidet blant barn og unge.

Sokneprest i Brattvåg har kontor saman med staben i Brattvåg  ved Brattvåg kyrkje. Her er ein positiv stab som arbeider tett saman med prestane. Det er tilsett kateket, trusopplærar, diakoniarbeidar, to organistar i til saman 1½ stilling ogkyrkjetenarar i deltidsstillingar i alle kyrkjene. Staben har faste samlingar med fokus på arbeidet. Det er stor grad av autonomi og samarbeid på tvers av fagfelta i staben. Staben samarbeider i alle sokna med å engasjerte frivillige.
Vi treng ny sokneprest i Brattvåg, då noverande sokneprest vert pensjonert. Vi vil be deg tenkje over om du kan tenkje deg å kome til engasjerte kyrkjelydar på  Sunnmøre.  Du skal vere velkommen til ein spennande og meiningsfull arbeidsplass i kyrkje og lokalsamfunn saman med gode medarbeidarar i kyrkjestaben og blant frivillige!

Ein kan lese meir om kyrkjelyden på https:/haram.kyrkje.no og  https://www.facebook.com/kyrkjeneibrattvag/

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
  • Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Søkjar må opplyse om han/ho meistrar begge målformer. Målforma i området er nynorsk.               
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Skape godt samarbeid med ansatte og frivillige medarbeidarar.
  • Evne til å komme i kontakt med folk og bygge nettverk.
  • Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
Vi tilbyr
  • Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.    
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livsynssamfunn §20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkulven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97000 innbyggjarar og 25 årsverk i prestetenesta.  Folketalet i soknet og i prostiet er veksande.  

Spjelkavik sokn ligg i Ålesund kommune og er det største soknet både i prostiet og landet når det gjeld folketal, med om lag 17500 medlemmer.  Soknekyrkja ligg sentralt til på Moa.

I Moa-området, finn ein eit av dei største butikksentra i landet og området har stor konsentrasjon av handel og industri. I soknet ligg Ålesund sjukehus, seks grunnskular, to vidaregåande skular, ein folkehøgskule og ein privat kristen ungdomsskule. Moa har utvikla seg til å bli eit trafikknutepunkt og hovudferdselsåra sør/nord på Vestlandet og austover går midt gjennom soknet. Ålesund lufthamn, Vigra, ligg berre ein halv time unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar.

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim. Folketalet i kommunen er om lag 65000. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har tilbod om høgare utdanning gjennom høgskular og NTNU.  Ålesund er ein særprega by som stadig tar imot eit aukande tal med turistar.  Distriktet er óg særs attraktivt for turar og aktivitetar på sjø, i skog og på fjellet, sommar som vinter.

 

Kontaktinformasjon:

Lars Skagestad
Rådgjevar
 (+47) 90986353
 ls273@kirken.no
 
Svein Runde
Prost
 (+47) 911 14 095
 svein.runde@kyrkja.alesund.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Årsundvegen 11, 6270 Brattvåg
Publisert 2021-12-17
Søknadsfrist 2022-02-28
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger