Det er ledig stilling som sokneprest i Tingvoll og Straumsnes sokn med Indre Nordmøre prosti som tenestedistrikt. Stillinga har Tingvoll og Straumsnes sokn som særskilt arbeidsområde, men presten skal og gjere teneste i eit samarbeidsområde som geografisk fell saman med Tingvoll og Gjemnes kommunar.
Soknepresten i Tingvoll har kontor- og stabsfellesskap med dei fellesrådstilsette på kyrkjekontoret i Tingvoll. Det er kyrkjeverje og organist, kvar i 100 % stilling, kontorsekretær i ca. 60 % stilling, trusopplærar i 10 % stilling, 2 kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar i 100 og 75 % stilling kvar.
Soknepresten har sete i Tingvoll sokneråd og Straumsnes sokneråd Soknepresten gjer tidvis teneste i Øre og Gjemnes sokn.
Tingvoll sokn med ca. 2.100 innbyggjarar ligg sentralt i Tingvoll. Kyrkja er ei særs vakker steinkyrkje frå 1100-tallet med ca. 430 sitjeplassar. Straumsnes sokn med 900 innbyggjarar ligg i utkanten av kommunen i retning Kristiansund. Det er ei kvit trekyrkje frå 1864 med sitjeplass til om lag 280.
I sokna er det eit utval for diakoni og dåpsopplæring. Det er kyrkjekor i Tingvoll som vert drive av organisten, og lokalt kor i Straumsnes som også deltek ved gudstenester. Det er i tillegg eit barnekor og fleire misjonsforeiningar.
Heimeside: https://kirken.no/tingvoll
Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
- I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
- Soknepresten har hovudansvar for konfirmantane og undervisninga.
- Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
- Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
- Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
- Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, og du vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
- Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
- Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
- Søkjar må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Liturgi og tenestemål i området er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
- Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk.
- Sjølvstendig og strukturert.
- Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
- Vere med på å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
Vi tilbyr
- Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
- Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
- Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
- Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
- Arbeidsgiver kan vere behjelpelig med å finne bustad.
Anna
- For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
- Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagde.
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov og tros- og livssynssamfunn § 20.
- Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
- Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Indre Nordmøre prosti omfattar kommunane Tingvoll, Gjemnes, Sunndal og Surnadal. Det er til saman 13 sokn og 4 fellesråd. Medlemstalet i kyrkja er høgt. I prostiet er det 7,5 stillingar som sokneprest og ein prost fordelt på 3 samarbeidsområde. Tingvoll sokn, Straumsnes sokn, Øre sokn og Gjemnes sokn utgjer eit av desse områda. Det er to sokneprestar i samarbeidsområdet.
Tingvoll kommune er ein jordbrukskommune i indre og nordlege del av Møre bispedøme/ Møre og Romsdal fylke. Kommunen har om lag 3.000 innbyggjarar.
Kommunen har 3 barneskular, 2 ungdomsskular og vidaregåande skule i tillegg til 3 barnehagar. Det er kommunal kulturskule. Det er fleire kor og musikklag i kommunen. Kommuneadministrasjonen er i Tingvoll sentrum. Her er det også legesenter, butikkar m.m. Målforma er nøytral i kommunen mens kyrkja har nynorsk liturgi. Den næraste byen er Kristiansund med ca 1 times køyring til Kvernberget flyplass, sjukehus og høgskolesenter. Det er ca ½ times køyring til Krifast med ”TIMEekspress” nord- og sørover i fylket.
Kontaktinformasjon: