Sokneprest i Ryfylke prosti med Jelsa sokn og Erfjord sokn som tenestestadar

Er du ein prest som er glad i folkekyrkja og som set pris på eit allsidig organisasjons- og kulturliv? Då er du kanskje den neste soknepresten i Ryfylke prosti med eit særleg ansvar for Jelsa sokn og Erfjord sokn.

Sokna søkjer ein sokneprest som gjennom forkynning, sjelesorg og samarbeid har evne til å legge til rette for at kyrkjelydane stadig kan utvikle seg som levande og aktive kyrkjelydsfellesskap.

Jelsa kyrkjelyd sin visjon er «Styrkja og næra det kristne livet i soknet», og Erfjord kyrkjelyd sin visjon er «Nå heile familien med evangeliet». Det er to kyrkjer og eit kapell i sokna: Erfjord, Jelsa og Marvik. Det er gudsteneste om lag kvar tredje veke i kvart av kyrkjehusa. Det er bedehus i alle bygdene der ulike organisasjonar driv eit aktivt arbeid. Frivillige tek del i gudstenester, diakoni og trusopplæring. Sokneråda arbeider for at kyrkja kan vere ei kyrkje for alle, og der alle kan kjenna seg heime.

Folkekyrkja står sterkt i indre Ryfylke. I Erfjord er 90 % av innbyggarane medlemmer i Den norske kyrkja, i Jelsa 84 %. Blant ungdommar som er kyrkjemedlemmer har konfirmasjonsoppslutninga dei to siste åra vore 100 % i både Erfjord og Jelsa.

Det er eit godt samarbeid mellom dei fire sokna i kommunen. I tillegg til det kyrkjelege fellesrådet er det òg felles diakoniutval og felles kulturutval. Suldal har ein vital, tverrfagleg kyrkjestab med høg kompetanse på sine fagområde. Det er felles gudstenesteliturgi i alle 4 sokna.

Ryfylke prosti dekker kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand.

Suldal kommune er med sine 1736 km2 den største kommunen i Rogaland. Viktigaste næringsvegar er landbruk, kraft og energi, bergverk og reiseliv/turisme. Kommunen byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv og har svært gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Kommunesenteret ligg på Sand. Næraste byane er Haugesund og Stavanger.
Suldal kommune er delt inn i fire sokn: Sand, Suldal, Erfjord og Jelsa. Kommunen har 3.800 innbyggarar, om lag 1.150 av desse bur i sokna Jelsa og Erfjord.

Prestane deler arbeidet mellom seg på tvers av dei fire sokna etter gjeldande planar. Soknepresten i Erfjord og Jelsa har kontor på kyrkjekontoret på Sand saman med sokneprest i Sand/Suldal, kyrkjeverje, kyrkjelydspedagog, diakon, organist og sekretær.

 

Arbeidsoppgaver
  • Presteteneste i svar med tenesteordning for kyrkjelydsprestar i Den norske kyrkja
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
  • Trusopplæring, konfirmantar og skule-kyrkjesamarbeid
  • Bakvakt og beredskap etter gjeldande ordning for Stavanger bispedøme
  • Institusjonsandakter/gudstenester ca ein gong pr. månad
  • Medlem i sokneråda i Erfjord og Jelsa
  • Medlem av kommunen sitt psyko-sosiale kriseteam
Kvalifikasjoner
Cand. theol./Master i teologi med praktikum eller tilsvarande. 
Personlige egenskaper
  • Evne og vilje til samarbeid i høve til stab, frivillige, sokneråd og kyrkjelyden si kontaktflate i bygdene.
  • Evne til å ta initiativ og arbeida både målretta og sjølvstendig i godt samspel med stab og sokneråd.
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid og teamarbeid med stab og frivillige.
  • Evne til å kunne kommuniserer med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar. 
 

Vi tilbyr

  • Det er tilbod om tenestebustad på Sand. Tenestebustaden har adresse Maleniusåsen 18. Arbeidsgjevar tilbyr tenestebustad til marknadsleige i samsvar med tenestebustadordninga for prestar i Den norske kyrkja.
  • Stillinga vert løna som sokneprest etter gjeldande reglar.
  • Vanlege regulativmessige godtgjeringar.
  • Skyss- og telefongodtgjering etter gjeldande satsar.
  • Pensjonsinnskot og medlemsskap i Statens Pensjonskasse etter ordninga for prester som er tilsette i rettssubjektet Den norske kyrkja.
  • Det vert gjeve tilbod om arbeidsvegleiing (ABV).   

 

Andre opplysningar

  • Tilsettinga vert gjort på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjerder som kan influere på tenesta sine gjeremål, tenestestad og tenestedistrikt.
  • Målforma er nynorsk.
  • Kvinner og yngre prestar vert oppfordra til å søkje.
  • Den som vert tilsett deltek i bispedømmet si beredskapsordning. 
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
  • Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting (jf. § 30 i likestillings- og diskrimineringslova).
  • Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista, jf. Offentleglova § 25 andre ledd.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest (barneomsorgsattest) utan meknadar.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilt i utlysingsteksten. Søkjarane blir bedne om å utforme ein eigenpresentasjon i sin søknad som svarar på dei utfordringar som kjem fram i utlysingsteksten.
  • Alle søkjarar må søkje elektronisk.

 

Kontaktinformasjon:

Gunnar Rønnestad
assisterande stiftsdirektør
 51846278
 
Sigrid Sigmundstad
Prost
 90871457
Arbeidsgiver Stavanger bispedømmeråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Sandsvegen 134, 4230 Sand
Publisert 2022-01-06
Søknadsfrist 2021-01-27
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Stavanger bispedømmeråd

Stavanger
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger