Kapellan i Åsane prosti - Arna sokn

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Vi har ledig stilling som kapellan i Åsane prosti, med Arna sokn som tenestestad.

Arna sokn ligg aust for Bergen sentrum, i Arna bydel. Folketalet i Arna sokn er om lag 11 000, om lag 7800 er medlemmer av Den norske kyrkja. Arna er ei blanding av drabantby, industrisamfunn og bygdekultur. Toget tek 8 minutt til og frå Bergen sentrum.

Arna kyrkje ligg sentralt plassert like ved togstasjonen og Øyrane Torg. Kyrkja er ei vakker steinkyrkje frå 1865.  Ved sida av ligg Arna kyrkjelydshus med gode lokale for eit breitt spekter av tiltak for ulike aldersgrupper. Her finst mellom anna babysong, open barnehage, ungdomsklubb, temakveldar, seniorsenter og klubb for funksjonshemma.

Kyrkjelyden ynskjer å tilby opne, inkluderande møtestader på kvardagar og eit rikt, variert gudstenesteliv på søndagar. Det er generelt god oppslutning om gudstenestene, faste gudstenestegrupper deltek i førebuing og gjennomføring. Kyrkjemusikken held høg kvalitet og stor breidde, til dømes har vi band i ein del av hovudgudstenestene.

Staben i Arna sokn består av sokneprest, kateket, trusopplærar, kantor, kyrkjetenar og administrasjonsleiar. Kateketen har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, trusopplæraren har hovudansvaret for trusopplæringsarbeidet elles.

Prestane i Arna, Ytre Arna og Osterøy samarbeider om ein del tenester. Denne arbeidsfordelinga skjer etter nærare avtale med prosten.

Les meir om Arna sokn her: https://kirken.no/arna

Skriftspråket er nynorsk.

Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og bør disponere bil.

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.

 

Arbeidsoppgåver
  • kyrkjelege handlingar og gudstenester etter oppsett plan
  • deltaking i konfirmantarbeid og ungdomsarbeid
  • samarbeid med barnehagar og skular
  • deltaking i diakonalt arbeid, som opne verestader og institusjonsbesøk
  • beredskap etter gjeldande ordning i Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
  • cand. theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
Personlege eigenskapar
  • evne til god kommunikasjon med breidda i folkekyrkja
  • evne til å byggje gode relasjonar
  • evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
  • stillingskode 0922 kapellan etter KA sitt tariffområde. Stillingskode 1466 seniorprest kan vurderast dersom den som blir tilsett har lang og/eller brei, relevant erfaring
  • pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • reisegodtgjersle etter gjeldande regulativ
  • særlege regulativmessige godtgjeringar
  • arbeidsrettleiing (ABV)

 

Kontaktinformasjon:

Leif Endre Grutle
prost i Åsane prosti
 976 29 150
 
Cathrine Waaler Halstensen
personalsjef
 996 25 480
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lakslia 19, 5261 Indre Arna
Publisert 2022-08-03
Søknadsfrist 2022-09-18
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger