Sokneprest i Sunnhordland prosti - Stord sokn

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Vi har ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti, med Stord sokn som tenestestad.

Stord kommue har lag 19 000 innbyggjarar og ligg om lag midtvegs mellom Bergen og Stavanger og er regionsenter for Sunnhordland. Her er frodig landskap med variert næringsliv, skuletilbod og livskraftig arbeid innan idrett, kultur og kristenliv. Stord er eit industrisamfunn med skipsbygging og oljeretta industri, og er no sentral i omstillinga til utbygging av fornybar energi. Stord har lokalsjukehus, fleire borne- og ungdomsskular, vidaregåande skule og høgskule. Stord er landfast mot sør og med god kommunikasjon med flyplass, hurtigbåt og bussforbindelsar. Stord er eit fleirkulturelt samfunn med internasjonalt retta næringsliv, det er fleire asylmottak på øya. Stord og Nysæter sokn fell saman med grensene for kommunen, Stord sokn har omlag 11 500 medlemer, Nysæter omlag 3 500.

Stord kyrkje er frå 1857, med 400 sitjeplassar, gudsteneste alle sundagar og helgedagar. Minst ei av gudstenestene kvar månad er familiegudsteneste. Det er gudsteneste i Huglo bedehuskapell om lag ein gong pr. månad. Det er god oppslutnad og høg aktivitet med mellom anna 119 dåp, 118 konfirmerte, 11 vigsler og 88 gravferder i 2021. Før pandemien hadde Stord sokn eit av landets høgaste deltakartal på gudstenester med om lag 200 deltakarar per gudsteneste. Det er og stor aktivitet med fleire bedehus, stort søndagsskulearbeid, KRIK-lag og ulike kor.

Kyrkja har ein sterk posisjon i lokalsamfunnet og godt samarbeid med ulike sider av kulturlivet. Soknepresten er med og held fast på dei gode banda mellom folk og kyrkje. Soknet har kyrkjestove og ein arbeidar med å byggja nytt kyrkjelydshus. Det er eit aktivt sokneråd og aktive utval innan gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni og anna kyrkjeliv. Sokna driv felles kyrkjeblad med 3 utgåver i året. Soknerådet har fokus på å tilby kjekke gudstenester, styrkje den frivillige tenesta i soknet og å lage gode møteplassar for å bygge kyrkjelyd, med ekstra vekt på arbeid for og med born, unge og unge familiar. 

Stord sokn samarbeider tett med Nysæter sokn, også på tvers av soknegrensene. Staben på Stord har høg kompetanse og det er regelmessige stabs- og temamøte. Staben har felles kontorlandskap og består av to sokneprestar, prostiprest, kyrkjelydspedagogar, soknediakon, to kantorar, kyrkjetenar, kyrkjeverje, driftsleiar, sekretær og gravplassarbeidarar. 

Prosten i Sunnhordland leiar prestetenesta og samlar jamleg prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Alle prestane har prostiet som tenestedistrikt, Sunnhordland prosti er eitt beredskapsområde.

Skriftspråket er nynorsk. Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.

 

Arbeidsoppgåver
  • gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • gudstenesteutval og vidareutvikling av gudstenestelivet
  • medlem i Stord sokneråd
  • rekruttering, oppfølging og opplæring av frivillige medarbeidarar
  • trusopplæring og konfirmantarbeid saman med kyrkjelydspedagogar og frivillige
Kvalifikasjonar
  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
  • engasjement for prestetenesta og for å utvikle kyrkja på Stord
  • god til å kommunisere med ulike aldersgrupper
  • gode eigenskapar knytt til leiing og samarbeid
  • evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
  • reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • arbeidsvegleiing (ABV)
  • hjelp til å skaffa bustad viss ynskjeleg

 

Kontaktinformasjon:

Svein Arne Theodorsen
prost i Sunnhordland prosti
 957 50 927
 
Cathrine Waaler Halstensen
personalsjef
 996 25 480
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Hamnegata 48, 5411 Stord
Publisert 2022-08-03
Søknadsfrist 2022-09-18
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger