Sokneprest i Sogn prosti - sokna Dale, Fortun, Nes, Gaupne og Jostedal

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Vi har ledig stilling som sokneprest i Sogn prosti med sokna Dale, Fortun, Nes, Gaupne og Jostedal som tenestestad.

Inst i Sognefjorden ligg Luster kommune, med omlag 5200 innbyggjarar. Kommunen er i areal ein av dei største kommunane i Sør-Noreg, der finst tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje og vakker natur med svært gode vilkår for friluftsliv. 

Næringslivet i kommunen er variert, frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Her er godt utbygde desentraliserte tilbod og levande bygder. 

Luster har ein rikhaldig flora av kyrkjebygg, dei åtte sokna har totalt tolv kyrkjebygg, der to er i privat eige (fortidsminne). Dei mest særmerkte er Urnes stavkyrkje og Dale kyrkje, steinkyrkje frå middelalderen. 

Stillinga omfattar 5 av dei 8 sokna i Luster kommune, med til saman 2397 medlemer.  Sokna har djupe røter og tradisjonar, samstundes som verksemda er folkekyrkjeleg i form og uttrykk. Det er to sokneprestar i Luster, prestane har tett samarbeid. Det er kontorfellesskap i Gaupne saman med dei andre tilsette. I staben er kyrkjeverje, rådgjevar, kyrkjemusikarstillingar,  diakon, trusopplærar-leiar og kyrkjelydspedagog med særleg ansvar i konfirmantarbeidet. Det er tett stabssamarbeid mellom sokna, fleire av stillingane dekkar heile kommunen. Det er eit godt samarbeid innanfor trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og gudstenestefeiring.  

Konfirmantarbeidet og somme av trusopplæringstiltaka har stor oppslutnad i sokna. Det er lange tradisjonar for samarbeid med skular og barnehagar. I kommunen ligg Lyngmo ungdomssenter, med leirstad og møtelokale for arrangement av ulikt slag.  Lyngmo er viktig for heile regionen. Misjons- og lekmannsarbeidet har stått sterkt i Luster, med fire bedehus i dei sokna stillinga omfattar. Les meir om kyrkja i Luster her: https://luster.kyrkja.no/.    

Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Prestetenesta i prostiet vert leia av prosten. Med jamne mellomrom samlar prosten dei 12 prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap. 

Skriftspråket er nynorsk.

Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.   

 

Arbeidsoppgåver
  • forkynning og arbeid med gudstenesteliv
  • planlegging og utviklingsarbeid i samarbeid med kyrkjeleg tilsette, medlemar i råd og utval og med frivillige medarbeidar
  • beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
  • evne og vilje til samarbeid
  • evne til å synleggjere kyrkja i lokalsamfunnet
  • evne til å arbeide strukturert og planmessig
Vi tilbyr
  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
  • peiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • arbeidsvegleiing (ABV)

 

Kontaktinformasjon:

Geir Paulsen
prost i Sogn prosti
 901 08 179
 
Cathrine Waaler Halstensen
personalsjef
 996 25 480
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Rådhusvegen 5, 6868 Gaupne
Publisert 2022-08-03
Søknadsfrist 2022-09-18
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger