Sokneprest i Nordfjord prosti - sokna Selje, Leikanger og Ervik

Nordfjord prosti, Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Vi har ledig stilling som sokneprest i Nordfjord prosti, med sokna Selje, Leikanger og Ervik som tenestestad.

Nordfjord prosti femner om fem kommunar; Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og nordre del av Kinn. Selje, Leikanger og Ervik sokn er ein del av Stad kommune. Sokna ligg på Stad-halvøya heilt nord i Vestland fylke og har eit folketal på rundt 2800.

Frå naturens side er Selje/Stad ei perle med rike høve til friluftsliv. Surfestrendene i Hoddevik og Ervik er verdskjende. Stadhavet er det mest berykta havstykket i landet, som no ventar på Stad skipstunnel, den fyrste i sitt slag i verda. Det er likevel slett ikkje alltid storm ved Stadt. Det er god forbindelse frå Selje med båt til Bergen og med buss austover. For meir informasjon om Nordfjord, sjå www.nordfjord.no.

Soknepresten vil ha hovudansvar for sokna Selje, Leikanger og Ervik. Dei fordeler seg med om lag 1550 medlemar i Selje, 600 i Leikanger og 170 i Ervik. Selje kyrkje er frå 1866. Leikanger kyrkje vart flytta dit frå Selje i 1866. Ervik kyrkje er frå 1970. På øya Selja er heilagstaden Sunnivahola, samt  kyrkje- og klosterruinane frå middelalderen, då Selja var sete for eit av dei tre fyrste bispedøma i landet.

Kyrkja i Selje er ein del av nye Stad kyrkjelege fellesråd. Med tilknyting til kyrkja i Stad er det tilsett kyrkjeverje, ass. kyrkjeverje, kontorfullmektig, to sokneprestar, kyrkjemusikarar, kyrkjelydspedagogar, gravplassarbeidarar, samt kyrkjetenarar og reinhaldar i mindre stillingar. Tilsette med ansvar for kyrkjene i Selje har kontor på kommunehuset i Selje.

Det er bilveg i heile tenestestaden, med unnatak av øya Selja (5 min med rutebåt). Til øya Barmøy går det ferje (10 min). Det er ein sjukeheim og tre eldretun i prestegjeldet, og på nokre av desse held soknepresten andakter. Soknepresten er rekna som ressurs kriseberedskapen i kommunen. Det er godt samarbeid med dei kristne organisasjonane og andre kyrkjesamfunn i området. Folkekyrkja står sterkt, og oppslutninga om kyrkjelege handlingar er høg. Årleg er det om lag 30 gravferder og i underkant av 10 vigsler. I 2020 var det 23 konfirmantar i sokna.

I Selje ligg det kyrkjehistorisk sentrale stader som Selje kloster og Dragseidet, og pilegrimsaktiviteten er veksande. Selje vart etablert som regionalt pilegrimssenter i mars 2020 og er under utvikling. Kyrkja er sentral i dette arbeidet, og Selje sokn bidreg i utviklinga av Selja som regionalt pilegrimssenter og heilagøya Selja som besøksmål. Som sokneprest får ein høve til å ta del i dette arbeidet.

Prosten leier prestetenesta i prostiet, og jamleg samlast dei 12 prestane i Nordfjord prosti til konvent for fagleg utvikling og kollegafellesskap.

For meir informasjon om kyrkja i Selje, sjå www.stadkyrkje.no.

Skriftspråket er nynorsk.

Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.    

 

Arbeidsoppgåver
  • gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
  • geistleg representant i Selje, Leikanger og Ervik sokneråd
  • bidra til inspirasjon i gudstenestelivet og arbeidet i kyrkjelydane
  • beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
  • evne og vilje til samarbeid
  • gode evner til å forkynne evangeliet til ulike aldersgrupper
  • interesse for pilegrimsarbeid og for å inkludere dette i kyrkjelydsarbeidet
Vi tilbyr
  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
  • reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • arbeidsvegleiing (ABV)
  • hjelp til å skaffa bustad viss ynskjeleg

 

Kontaktinformasjon:

Mari Saltkjel
Prost Nordfjord prosti
 459 14 954
 
Cathrine Waaler Halstensen
personalsjef
 +47 996 25 480
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kommunehuset, 6740 Selje
Publisert 2022-08-03
Søknadsfrist 2022-09-18
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger