Sokneprest i Vesthordland prosti - Sund sokn

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Vi har ledig stilling som sokneprest i Vesthordland prosti, med Sund sokn som tenestestad. Vi ser etter deg som ynskjer å delta aktivt og breitt i kyrkjelydens arbeid, mellom anna arbeid med konfirmantane.

Sund sokn høyrer til Vesthordland prosti. Prostiet dekker kommunane Askøy og Øygarden. Prosten leier prestetenesta i prostiet og inviterer til månadlege samlingar for åndeleg fellesskap, fagleg utvikling, orientering og drøfting.

Sund sokn ligg sør på Sotra, i Øygarden kommune. Øygarden kommune har 5 sokn. Folketalet i kommunen var 39 032 ved inngangen til 2022, 28.677 av dei medlemmar i Den norskje kyrkja. Øygarden har 5 sokn med til saman 8 kyrkjer. Vi er 5 sokneprestar, to prostiprestar og prost som gjer teneste i kyrkjelydane i Øygarden.

Som eit seglingsmerke i Krossfjorden og Lerøyosen har Sund kyrkje vist veg gjennom århundra. Den noverande kyrkja er den tredje på kyrkjestaden, vigsla i 1997. Sund kyrkje er ei moderne arbeidskyrkje, med kontorplassar og stor forsamlingssal i kjellaretasjen. Frå vestsida (inngangspartiet) kan kyrkja minne om ei stavkyrkje, og frå austsida (tårnsida) minner den om eit fyrtårn.

På vestsida av soknet ligg Kausland kyrkje som er ei tradisjonell kvit langskipskyrkje frå 1881, med påbygg frå 1963. Kyrkja er først og fremst tenleg til gudstenester og kyrkjelege handlingar. Difor er det svært gledeleg at kyrkjelyden i 1997 fekk reist eit kyrkjelydshus like ved.

I Sund kyrkjelyd er det stor oppslutning om kyrkjelege handlingar, noko mindre fast frammøte til gudstenestene. Presten må saman med sokneråd, stab og frivillige arbeide for å styrke fellesskapet i kyrkjelyden og gode gudstenester som kan samle og kommunisere godt med dei som kjem. 

Kyrkjelyden sin visjon er "Saman vil me æra Gud og byggja kyrkjelyd, gjennom å feira gudsteneste, gje trusopplæring, fremja menneskeverd og visa Kristi sinnelag i møte med barn, unge, vaksne og eldre". I tråd med denne visjonen satsar kyrkjelyden på barne- og familie-arbeid, med Myldredag som sjølve flaggskipet. Dessutan driv kyrkjelyden barnekor og betweens. Og etter konfirmasjonsåret blir 15-åringane inviterte til ungdomsmiljøet Boost. Det er ynskjeleg at presten deltek i dette arbeidet.

Soknepresten blir del av ein stor og kompetent stab i kyrkja i Øygarden, med eige sokneteam for dei som primært gjer teneste i Fjell. Øygarden kyrkjelege fellesråd har 51 tilsette, med kontor på Straume, Rong og i Sund. Diakoni, vern om skaparverket og arbeid blant barn og unge, er blant fellesrådet sine satsingar.
Meir informasjon finn du på: www.kyrka.no/oygarden.

Skriftspråket er nynorsk.

Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.    

 

Arbeidsoppgåver
  • gudstenester og kyrkjelege handlingar 
  • deltaking i konfirmantarbeid
  • relasjonsbygging og kontaktskapande verksemd på tvers av generasjonane  
  • kyrkjelydsbyggjande arbeid
  • følge ulike prosjekt frå ide til gjennomføring 
  • fremje frivillig medarbeiderskap
  • stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
  • evne til å utøve pastoralt leiarskap
  • evne til å formidle og forkynne evangeliet på eit levande vis til alle aldersgrupper
  • evne og vilje til samarbeid med stab, frivillige og sokneråd
  • evne til å byggje gode relasjonar
  • fleksibilitet
Vi tilbyr
  • stillingskode 1555 Sokneprest 
  • pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • godtgjering etter til ein kvar tid gjeldande reglement
  • arbeidsvegleiing (ABV)

 

Kontaktinformasjon:

Jan Tommy Sigvartsen Fosse
prost i Vesthordland
 924 63 278
 
Cathrine Waaler Halstensen
personalsjef
 996 25 480
Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Publisert 2022-08-03
Søknadsfrist 2022-09-18
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger