Kyrkjeverje

Det er frå 1. juli 2023 ledig stilling som Kyrkjeverje i Giske i 100% stilling.

Giske kommune er ei kystkommune som ligg i Møre og Romsdal. Det er knapt 15 minutts køyring til Ålesund, gjennom undersjøiske tunnelar. Ålesund lufthamn Vigra, ligg i Giske kommune. Kommunen har om lag 8 700 innbyggjarar, busett på 4 øyer bundne saman av bruer og tunnelar. Kommunesenteret er på Valderøya. Giske kommune har ein flott og variert natur, med gode høve til friluftsliv på sjøen eller fjellet. I tillegg er det eit rikt kulturliv innanfor mange områder. Giske har gode skuletilbod og full barnehagedekning.

I fellesrådsområdet er det tre sokn med kyrkje i kvart sokn; Giske kyrkje/Godøy kapell, Valderøy kyrkje og Vigra kyrkje.  Staben i Giske tel i alt 11 personar med 2 prestestillingar, kyrkjelydspedagog, diakoniarbeidar, 2 organistar, sekretær, reinhaldar, kyrkjetenarar/ klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontor i Giske rådhus.

Giske har 3 kyrkjer som alle har sin viktige plass i lokalmiljøet som både kyrkjebygg og kulturbygg. Valderøy kyrkje er arbeidskyrkje og er i aktivt bruk m.a. til konfirmantarbeid og anna arbeid innan for trusopplæringa.

 

Arbeidsoppgaver

  • Dagleg ansvar for kyrkjeleg fellesråd sine oppgåver
  • Sekretær for fellesrådet med ansvar for planarbeid, saksutgreiing og oppfølging av saker
  • Arbeidsgjevaransvar og personalleiing
  • Budsjett og økonomiarbeid i samsvar med kyrkjeleg fellesråd sine prioriteringar.  
  • Samarbeid og gode relasjonar til kommune, sokneråd, prestar, frivillige  og andre samarbeidspartnarar
  • Omdømmebygging i forhold til politikarar, media og innbyggjarar i kommunen
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar
  • Ansvar for gravplassforvaltning

Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning og/eller realkompetanse for stillinga
  • Leiarerfaring
  • Kompetanse innan offentleg forvaltning, økonomi og planarbeid
  • God kjennskap til kyrkja sitt arbeid og organisering
  • Du må identifisera deg med kyrkja sitt verdigrunnlag og vera medlem av Den norske kyrkja
  • Søkjar må disponera bil og ha førarkort
  • Naudsynt IKT-kompetanse

Vi ønskjer deg som

  • Trives med å leie og administrere
  • Er ryddig, strukturert og ansvarsfull
  • Forstår kva det inneber å leie ein samansett organisasjon der frivillige sin rolle er viktig
  • Er fleksibel, men samtidig beslutningsdyktig
  • Har evna til å tenkje langsiktig og målretta
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Naudsynt opplæring og kurs
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetjing, jf. Trussamfunnslova § 20

Nærare opplysningar kan du få hos leiar i Fellesrådet Elisabet Sundgot, tlf. 916 37 955, eller nåverande Kyrkjeverje Turid Valderhaug tlf.  90 55 80 72/ 450 65 380

Søknad sendast på:

e-post: kyrkja@giske.kommune.no

eller brev:

Kyrkjekontoret

Valderhaug 4

6050 VALDERØY

 

Søknadsfrist 22.02.23
 
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkarliste. Ønske om å bli unntatt frå denne lista må grunngis. Om ønske ditt ikkje kan bli godtatt vil du få høve til å trekke søknaden.

 

Kontaktinformasjon:

ELISABET SUNDGOT

Leiar

Tel: 91637955

E-post: elisabetsundgot@gmail.com

 

TURID URKEDAL VALDERHAUG

Kyrkjeverje

Tel: 90 55 80 72 / 45 06 53 80

E-post: turid.urkedal.valderhaug@giske.kommune.no

Arbeidsgiver Giske Kyrkjelege Fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Valderhaug 4, 6050 VALDERØY
Publisert 2023-01-26
Søknadsfrist 2023-02-22
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Giske Kyrkjelege Fellesråd
Valderhaug 4
6050 Valderøy
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger