Vil du å vera med å leie ei levande og aktiv folkekyrkje i Ål?
Me har ledig 100% fast stilling som kyrkjeverje.
Kyrkjekontoret og Ål kyrkje held til sentralt på Ål, og det er soknekyrkjer i Leveld og på Torpo. I tillegg til kyrkjeverje består staben av diakon, kyrkjelydspedagog, tre kyrkjetenarar, to sekretærar og to kyrkjemusikarar. Prost, sokneprest og prostiprest har også kontorfellesskap her.
Ål vart i 2021 kåra til Norges kulturkommune med kulturhuset og regional dansescene som viktige element. Kyrkja har eit godt og langt samarbeid med kommunen og organisasjonslivet i bygda.
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då vil Ål passe godt for deg!
Det er god kommunikasjon både til Oslo og Bergen frå Ål, med tog og buss. Rv7, som er ein av hovudvegane mellom aust og vest, går gjennom kommunen.
Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet si verksemd:
Søkjaren må vera personleg skikka til stillinga og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som:
Meir om stillinga hjå fellesrådsleiar Torfinn Slåtto tlf. 995 13 142.
Søknadsfrist 12. oktober