Kirker og trossamfunn
  • Aukra Sokn
  • Kantor/ organist/ kyrkjemusikar

    Fast
    Søknadsfrist: 16.11.2025
    Kantor/ organist/ kyrkjemusikar

    Vi søker kantor / organist / kyrkjemusikar i 60 % fast stilling.

    Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 60 % fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i Aukra sokn.

    Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.

    Aukra kyrkje er ei åttekantkyrkje i tømmer frå 1835 og ligg på Gossen. Kyrkja har eit 17 stemmers pipeorgel med to manualar og pedal frå frå 1995, levert av Th. Frobenius & Sønner.

    Arbeidsoppgaver

    •  Leie det kyrkjemusikalske arbeidet ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i Aukra kyrkje og kommunen elles.
    • Samarbeide med andre tilsette om trusopplærings-, konfirmant-, diakoni- og anna kyrkjelydsarbeid
    • Rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan ta del i song- og musikklivet i kyrkjelyden
    • Ha ansvar for konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med kollegaer, frivillige og sokneråd
    • Følgje opp kyrkjelyden si kyrkjemusikalske verksemd i tråd med soknerådet sine planar og prioriteringar
    • Vere rådgivar for sokne- og fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål
    • Ha ansvar for tilsyn med og vedlikehald av kyrkja sine instrument og øvrige musikkutstyr
    • Kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga.

    Kvalifikasjoner

    • Kvalifikasjonskrav i samsvar med tenesteordning for kantorar eller minimum 3 års utdanning innan kyrkjemusikk. Anna musikalsk utdanning og erfaring kan også bli vurdert
    • Allsidig orgel- og pianoferdigheit
    • Meistre fleire musikksjangrar, vere komfortabel med samspel og ha kunnskap og erfaring med korleiing
    • Evne til å organisere og gjennomføre prosjekt
    • Gode kunnskapar om norsk salme-, liturgi- og gudstenestetradisjon
    • Kunne norsk eller skandinavisk språk, munnleg og skriftleg
    • Grunnleggande datakunnskap
    • Må være medlem av Den norske kyrkja

    Personlige egenskaper

    • Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Evne til å arbeide sjølvstendig
    • Interessert i, og open for, musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
    • Initiativrik, engasjert og inspirerande
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
    • Stort handlingsrom for skaping, samskaping og trivsel
    • Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
    • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
    • Pensjonsordning i KLP

    Søknad og kontaktinformasjon:

    • Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
    • Prøvespel må påreknast
    • Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf. Trussamfunnslova § 20
    • Prøvetid: 6 mnd.
    • Kontaktpersonar: kyrkjeverje Anne Marie Sødal, e-post anne.sodal@aukra.kommune.no tlf. 468 40 719 eller leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, e-post erlend.melby@korsvikbakken.com, tlf. 922 20 253

    Vi gjer merksam på at vi også har ledig 40 % stilling som kateket / kyrkjelydspedagog. Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane diskuterast.