
Vil du ha ein utfordrande jobb i ei lokalkyrkje med stor aktivitet?
Våre tre sokn, Nedstrand, Tysvær og Førresfjorden ønskjer at kyrkja skal være ein møtestad kor det er plass til liv og tru, der kvar enkelt blir sett og får tillit. Ein stad med rom for både glede og sorg, kreativitet og alvor, stille og undring.
Tysvær kyrkjelege fellesråd har frå 1.9.2026 ledig 100 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar, med hovudarbeidsområde Førresfjorden Sokn og Nedstrand Sokn. Vi søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelydane. Ved ønske om å gå inn i ein lågare stillingsprosent vil det og bli vurdert.
Førresfjorden sokn har ca 5400 medlemmer. Hovudkyrkja i soknet er Aksdal Kyrkje, ei arbeidskyrkje frå 1995. Førre Kirke ligg og i menigheten. Nedstrand sokn har ca. 1500 medlemmer fordelt på Nedstrand og Skjoldastraumen kyrkjelydar. Det er eit variert gudstenesteliv for store og små i kyrkjelydane, og god oppslutning om dåp, konfirmasjon og trusopplæringstiltak. I kyrkjelydane arbeider det både kyrkjetenar, organist, kyrkjelydspedagog, diakon og sokneprest mfl. Arbeidet vert drive av tilsette, i samarbeid med frivillige.
Orgelet i Aksdal Kyrkje er eit Ryde, 13 stemmers orgel. I Førre er orgelet eit Jehmlich-orgel, 14 stemmers. Orgelet i Nedstrand Kyrkje er eit Christensen og Sønner, 14 stemmers orgel og i Skjoldastraumen er det eit Gustavsen, 8 stemmers orgel.
Kyrkjekontoret er i Aksdal kyrkje, ei arbeidskyrkje sentralt plassert i kommunesenteret 12 kilometer aust for Haugesund sentrum. Vi har og eit nært samarbeid med Bokn sokn i vår nabokommune. Tysvær Kyrkjelege Fellesråd og nabofellesrådet Vindafjord vurderer å slå saman sine organisasjonar. Dette vil bli avgjort i løpet av kort tid.
Vi kan tilby ei utfordrande stilling og gode instrument i kyrkjene.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre gudstenester, gravferder og vigsler saman med andre tilsette.
- I samarbeid med frivillige og andre tilsette planleggje og gjennomføre andre arrangement og konsertar
- Bidra i kyrkjelyden sitt menighetsarbeid, herunder konfirmantarbeid og korarbeid.
- Andre oppgåver etter avtale
Kvalifikasjonar
- Utdanning iht. kvalifikasjonskrav for kantor/kyrkjemusikar.
- Søkarar med anna relevant musikalsk utdanning og erfaring blir og vurdert for stillinga, då på lik linje med dei med formell kyrkjemusikalsk utdanning.
- Beherskar liturgisk spel.
- God kjennskap til Den norske kyrkja sin liturgi og salmetradisjon.
- Engasjement og evne til å bygge opp, leie og rekruttere til kyrkjemusikalsk arbeid for vaksne, barn og ungdom.
- Beherske skriftleg og munnleg norsk.
- Kunne bruke digitale verktøy i sitt daglege arbeid.
- Den som vert tilsett må disponere eigen bil og ha førarkort kl. B. Kjøregodtgjering vert ytt etter statens regulativ.
- Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja. Det kan søkast dispensasjon for kravet om medlemskap
- Det vil bli kravd tilfredsstillande politiattest jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og fleksibilitet.
- Gode samarbeidsevner.
- Evne til å sjå det musikalske saman med anna menighetsarbeid.
- Det vil vere viktig med eit godt samarbeid med kyrkjelyden sine utval, frivillige og tilsette.
- Evne til å byggje gode relasjonar.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til å arbeide strukturert.
- Allsidighet og erfaring med ulike stilartar og musikalsk uttrykk er ynskjeleg.
Søknad sendes på epost til: post.tysver@kirken.no eller i post: Tysvær Kyrkjelege Fellesråd, Pb 30, 5575 Aksdal
Søknadsfrist: 10.06.2026
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med kyrkjeverje Ottar Krakk på telefon 932 16644 eller e-post ok493@kirken.no
Sjå og fellesrådet si heimeside www.tysvaerkirken.no
