Kirker og trossamfunn
  • Aukra Sokn
  • Kateket/ kyrkjelydspedagog

    Fast
    Søknadsfrist: 16.11.2025
    Kateket/ kyrkjelydspedagog

    Er du vår nye kyrkjelydspedagog?

    Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 40 % fast stilling som kateket/kyrkjelydspedagog i Aukra sokn. Stillinga omfattar i første omgang oppgåver og ansvar for kyrkjeleg undervisning for barn og unge i aldersgruppa 0 – 18 år etter vedteken trusopplæringsplan. Planen står framfor revisjon i høve til nyleg vedteken Plan for kirkelig undervisning og læring.

    Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.

    Arbeidsoppgaver

    • Planlegge og gjennomføre kyrkjeleg undervisning og læring retta mot barn og ungdom i samarbeid med andre tilsette og frivillige
    • Ta del i konfirmantarbeidet
    • Bidra i gudstenester knytt til trusopplæring og konfirmasjonstid
    • Rekruttere, motivere og følgje opp frivillige medarbeidarar
    • Noko kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga.

    Kvalifikasjoner

    • Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom og pedagogikk
    • Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge
    • Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
    • Grunnleggande datakunnskap
    • Søkar må være medlem av Den norske kyrkja

    Personlige egenskaper

    • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner i møte med barn og unge
    • Initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
    • Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Evne til å arbeide sjølvstendig
    • Evne til å skape gode relasjonar
    • Gode pedagogiske evner
    • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk eller anna skandinavisk språk
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
    • Fleksibel arbeidstid
    • Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
    • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
    • Pensjonsordning i KLP

    Søknad og kontaktinformasjon:

    • Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
    • Søknadsfrist: 16.11.2025
    • Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf. Trussamfunnslova § 20
    • Prøvetid: 6 mnd.
    • Kontaktpersonar: kyrkjeverje Anne Marie Sødal, e-post anne.sodal@aukra.kommune.no tlf. 468 40 719 eller leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, e-post erlend.melby@korsvikbakken.com, tlf. 922 20 253

    Vi gjer merksam på at vi også har ledig 60 % stilling som kantor / organist / kyrkjemusikar. Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane diskuterast.