Kirker og trossamfunn
  • Imf Sunnmøre
  • Krinsleiar / dagleg leiar

    Fast
    Søknadsfrist: 01.09.2025
    Krinsleiar / dagleg leiar

    Krinsleiar / dagleg leiar i inntil 100 % stilling

    Kven ser vi etter?

    Vi søkjer ein person med gode samarbeidsevner og gode relasjonar til tilsette og frivillige i inntil 100 % stilling. Krinsleiaren må vedkjenne seg bevisst kristen tru, og vere ein truverdig representant for ImF sitt grunnsyn, verdiar og visjonar. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

    Det må påreknast noko arbeid i helg og kveld. Kontoret vårt ligg i Spjelkavik i Ålesund kommune.

    Stillinga er omfatta av unntaka i likestillings- og diskrimineringslova § 9 og § 30, 3. ledd.

    Du kan lese meir om oss på www.imfsunnmøre.no og www.imf.no

    Ønska kvalifikasjonar

    • Erfaring og kompetanse med personalarbeid
    • Ein raus og inkluderande leiarstil som vektlegg samarbeid og relasjonar
    • Kjennskap til og erfaring frå bedehusarbeid vil vere verdifull kompetanse til stillinga
    • Høg arbeidskapasitet
    • Forståing for økonomi, rekneskap og administrasjon er ein fordel

    Stillinga lønnast etter avtale med utgangspunkt i ImF sitt lønnsregulativ.
    Spørsmål om stillinga kan rettast til krinsleiar Johan Halsne på telefon 906 42 479
    Søknad med CV sendast til sunnmore@imf.no

    Søknadsfrist: 1. september 2025