Kirker og trossamfunn
  • Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd
  • Kyrkjeverje/dagleg leiar

    Fast
    Søknadsfrist: 18.07.2025

    Stillinga som kyrkjeverje i Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd er ledig frå 1. september 2025. Kyrkjeverja har ei sentral rolle i utviklinga av folkekyrkja i Vestre Slidre i samarbeid med prestetenesta.

    Den norske kyrkje forvaltar ein rik kulturarv, og i Vestre Slidre er det fire kyrkjer, eit kapell og ein kyrkjeruin, alle innafor ein radius på åtte km frå kyrkjekontoret. Fellesrådet er óg gravplassmyndigheit i kommunen og har forvaltningsansvaret for fire gravplassar og andre bygg som høyrer til kyrkja.

    Kyrkjeverja er den øvste administrative leiaren for kyrkjeleg fellesråd i Vestre Slidre, og skal hjelpe fellesrådet med å leie strategi – og utviklingsarbeid. Kyrkjeverja har óg ansvar for kyrkja sin administrasjon og økonomi med investeringar, drift og vedlikehald av eigedommar med eit årleg driftsbudsjett på ca. 4 mill. kroner. Stillinga inneber arbeidsgjevaransvar for ca. 7 tilsette (ca 3 årsverk), her rekna med kontorfullmektig, kantor, menigheitspedagog, kyrkjetenar, klokkarar og ringarar. I tillegg har stillinga HMS-ansvar for soknepresten i kommunen. Kyrkjekontoret ligg sentralt i Slidre.

    Kyrkjeverja skal vera ein synleg representant for fellesrådet og bidra til dialog og samarbeid med både politiske og administrative offentlege myndigheiter; både kommunen, prosten, bispedømmerådet, Riksantikvaren og andre relevante instansar.

    Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og utviklingsorientert kyrkjeverje/dagleg leiar som er trygg i leiarrolla og som har evna til å utvikle verksemda til fellesrådet. Den nye kyrkjeverja/daglege leiaren må ha solid sosial kompetanse og forståing for kva det inneber å leie ei verksemd med tilsette i ulike profesjonar, og å samarbeide med frivillige som bidreg med betydeleg innsats. Stillinga krev gode skriftlege ferdigheiter, samfunnsinteresse og solid arbeidskapasitet.

    Arbeidsoppgåver

    • Leie og utvikle verksemda og ansvarsområdet til fellesrådet, og på vegne av rådet
    • Ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna gjennom kyrkjeleg fellesråd
    • Utarbeide mål og planar for verksemda til fellesrådet
    • Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei som blir lønna over fellesrådsbudsjettet
    • Budsjett, økonomi og rekneskapsarbeid
    • Saksbehandling for fellesrådet og oppfølging av vedtak som blir fatta der
    • Bidra til samhandling og fremme samarbeid mellom aktuelle kyrkjelege organ, samt representere i forhold til aktuelle offentlege myndigheiter
    • Kyrkjeverja har eit særskilt ansvar for å ivareta kyrkjebygg- og gravplassforvaltning som ligg til fellesrådet, og vidare ivareta interesser for sokna i forhold til kommunen
    • I ein liten stab vil det óg vere naturleg for kyrkjeverja å bidra i praktiske gjeremål saman med andre tilsette ved behov

    Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning på høgskulenivå med minimum bachelorgrad eller tilsvarande. Særleg relevant realkompetanse kan vega opp for manglande formell utdanning
    • Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og planarbeid
    • Gode digitale ferdigheiter
    • Gode evner til å arbeide med komplekse problemstillingar
    • God formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.
    • Medlem i Den norske kyrkje og at du kan identifisere deg med verdigrunnlaget til kyrkja og oppdraget «Meir himmel på jord».
    • Søkjar må disponere eigen bil

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner med fokus på lagbygging
    • Gode kommunikasjonsferdigheiter
    • Kunne glede seg over å sjå resultat gjennom medarbeidarar
    • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
    • Serviceinnstilt, påliteleg og strukturert
    • Personleg egnaheit vil bli vektlagt

    Me tilbyr

    • Fast tilsetjing. Lønn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
    • Eit hyggeleg arbeidsfellesskap
    • Varierte arbeidsdagar og fleksibel arbeidstid
    • Kjøregodtgjering utbetalt etter gjeldande regelverk
    • Arbeidsplass i ein vakker kommune med rikt friluftsliv og kulturliv, dessutan ein solid og god grunnskule og kulturskule, båe med gode lærar-ressursar, og barnehagar med full dekning.
    • Hjelp med å finne bustad

    For å skape grunnlag for godt og trygt miljø for alle, må det leggjast fram politiattest før tilsetting i samsvar med Trossamfunnslovens § 20 og Politiregisterloven § 39, første ledd. Når søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ynskje om å bli unntatt frå denne lista må grunngjevast i søknadsportalen, og du vil uansett få ei tilbakemelding på dette. Dersom ynskjet ditt ikkje kan imøtekomast, vil det vera mogleg å trekkje søknaden.

    Arbeidssted: Slidrevegen 20, 2966 Slidre

    Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei solid og god skule med gode lærar-ressursar, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

    Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

    Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no