Kirker og trossamfunn
  • Valle og Hylestad sokneråd
  • Kyrkjeverje/ kyrkjelydarbeider

    Fast
    Søknadsfrist: 03.08.2025

    Er du vår nye daglege leiar? Har du interesse for peronalleiing, økonomi og administrasjon kan dette vere noko for deg.

    Vi har ledig 100 % stilling som kyrkjeverje / kyrkjelydsarbeidar frå 1.september. Stillinga er fordelt på 60 % kyrkjeverje og 40 % kyrkjelydsarbeidar. Deltidsstilling som kyrkjeverje kan vere aktuelt.

    Arbeidsoppgåver

    • Personalleiing
    • Budsjett og økonomistyring
    • Sakshandsaming og sekretærfunksjon for soknerådet, samt oppfylgjng av vedtak
    • Drift og vedlikehald av kyrkjene
    • Administrativt arbeid knytt til gravplassane. Kommunen utfører alt det praktiske arbeidet ved bruk av kommunalt tilsette
    • Samarbeid med kommunale einingar og leiinga i kommunen. Kommunen utfører tenester på reknskapsføring og lønskøyring.
    • Informasjonsarbeid
    • Kyrkjelydsarbeid

    Soknet har eit tett samarbeid med nabosoknet Bykle.
    Du finn meir informasjon på heimesida vår: https://valle.kyrkja.no/

    Kvalifikasjoner

    • Relevant utdanning frå universitet / høgskule. Relevant røynsle kan kompensere for formalkompetanse
    • God datakunnskap. IT plattform frå IKT Agder, HR portalen og program frå Vitec Agrando
    • Røynsle frå personalleiing, strategi, budsjett og økonomi
    • Kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd og organisasjon
    • Innsikt i offentleg politikk og forvaltning
    • Røynsle frå frivillig arbeid i lokal kyrkjelyd, idretts- og anna organisasjonsliv er ein fordel

    Personlege eigenskaper

    Valle og Hylestad sokneråd søkjer etter ein engasjert og motivert kyrkjeverje/kyrkjelydsarbeider for å take vare på kyrkja sine mange ulike oppgåver og funksjonar.

    Vi søkjer etter ein person som er serviceinnstilt, sjølvstendig og pliktoppfyllande.

    • Fleksibel og engasjert medarbeider som kan vere med å utvikle kyrkja i Valle
    • Vi legg vekt på at du er rett person for jobben.
    • Må vere medlem i DNK
    • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevne. Nynorsk blir nytta.
    • Ha førerkort kl B og disponere eigen bil
    • Legge fram politiattest ved tilsetjing.
    • Kunne jobbe sjølvstendig, er tydeleg og strukturert i sitt arbeid
    • Må Jobbe godt i team

    Vi tilbyr

    Ei spanande, meiningsfylt, interessant og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø prega av tilsette som i stor grad arbeider sjølvstendig, men og i team.

    Løn etter avtale. Øvrige arbeidsvilkår etter gjeldande lov og tariffavtale. Gode forsikrings- og pensjonsordninar gjenom KLP.

    Besøk gjerne heimesida vår: www.valle.kyrkja.no

    Meir informasjon om kommunen finn du på kommunens heimeside: www.valle.kommune.no

    Arbeidsstad: For tida Kyrkjekontoret i Sæbyggjen, Nordibøvegen 141, 4747 Valle