
Vil du bli prest ut mot havet i vest?
Vi har ledig stilling som prostiprest i Vesthordland prosti med primæteneste i sokna i Øygarden kommune. Vi ser etter ein samarbeidsorientert og fleksibel prest som ønsker ei variert og innhaldsrik presteteneste, og som finn glede i ei teneste med gudstenester og kyrkjelege handlingar i fleire sokn.
Vesthordland prosti dekker kommunane Øygarden og Askøy, med til saman ti sokn og tretten kyrkjer. I prostiet er vi ni sokneprestar, tre prostiprestar, i tillegg til prost.
Øygarden er den nest største kommunen i Vestland, og ligg på øyane vest for Bergen. Kommunen har 40.000 innbyggjarar der 28.000 av desse er medlemmar av Den norske kyrkja. Det er fem sokn i kommunen, Hjelme og Blomvåg, Landro, Fjell, Foldnes og Sund, og sokna har til saman åtte kyrkjer.
Askøy kommune har 30.000 innbyggjarar og 22.000 av desse er medlemmar av Den norske kyrkja. Det er fem sokn i kommunen, Herdla, Ask, Tveit, Erdal og Strusshamn, og sokna har kvar si kyrkje.
Dei tilsette i Øygarden kyrkjelege fellesråd arbeider ut frå visjonen «Nær Gud, nær menneske» og bær med seg verdiane: Takknemleg, tenande og frimodig. Sokna i fellesrådsområdet har utarbeidd visjonar for arbeidet i kyrkjelydane. På Askøy arbeider fellesrådet ut frå visjonen «Meir himmel på jord»
Prostipresten blir del av ein stor og kompetent stab i kyrkja i Øygarden, og kvart av sokna i fellesrådsområdet har et eige sokneteam leia av sokneteamleiar. Øygarden kyrkjelege fellesråd har 50 tilsette, med kyrkjekontor på Straume og kontorplassar i kyrkjene. Diakoni og arbeid mellom barn og unge, er satsingar i fellesrådet. Sokneprestane og prostiprestane fordel gudstenester, tenesteveker og tenester på institusjonane seg imellom etter oppsett plan.
Til stillinga som prostiprest ligg for tida ansvar for konfirmantane i Sund sokn. Soknet har ca. 90 konfirmantar kvart år, og undervisninga finn stad i dei to kyrkjene i soknet. Ansvaret for konfirmantane har presten for tida i samarbeid med kyrkjelydspedagog tilsett i heil stilling.
Etter behov kan prostipresten tildelast andre presteoppgåver i prostiet.
I Øygarden er skriftspråket nynorsk, medan Askøy nyttar bokmål i fire sokn og nynorsk i eitt.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett turnus
- Samarbeid med stab og frivillige kring tenestene i kyrkjelydane
- For tida ansvarleg for konfirmantarbeidet i Sund sokn i samarbeid med kyrkjelydspedagog
- Andakter og teneste på sjukeheim og institusjonar
- Det kan ved behov vera aktuelt med noko teneste på sjukeheim i Bergen
- Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Ønske å arbeide i heile bredda av prestetenesta i eit stor område med fleire sokn
- Evne til fleksibilitet
- Evne til samarbeid med mange tilsette og frivillige
- Evne til å byggje relasjonar sjølv om ein gjer teneste i fleire kyrkjelydar
- Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1537 prostiprest etter KA sitt tariffområde
- Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar
Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Arbeidssted: Straume, Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Kontaktinformasjon:
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
Tlf: 936 12 276
Prost i Vesthordland: Jan Tommy Fosse
Tlf: 924 63 278
