Kirker og trossamfunn
  • Bjørgvin bispedøme
  • Sokneprest og prostiprest i Vesthordland prosti, Herdla sokn

    Fast
    Søknadsfrist: 06.09.2026
    Sokneprest og prostiprest i Vesthordland prosti, Herdla sokn

    Vi har ledig stilling som sokneprest i Herdla sokn og prostiprest i Vesthordland med primærteneste på Askøy.

    Askøy er ein kommune i vekst, med over 30 000 innbyggjarar. Frå kommunesenteret Kleppestø er det ca.15 km til Bergen sentrum.

    Askøy har fem sokn med kvar si kyrkje. I 2025 var det 21 877 medlemmar i Den norske kyrkje på Askøy, fordelt på sokna Herdla (1 988), Ask (1 521), Erdal (3 925), Tveit (4 835), og Strusshamn (9 608). Kyrkjelydane på Askøy vert betjent av fire sokneprestar, ein prostiprest og ein fellesrådstilsett ungdomsprest.

    Herdla sokn ligg lengst nord på Askøy, og har ei lang og tradisjonsrik historie. Her har det vore kyrkje sidan 1100-tallet. Kyrkja vart sist oppbygd etter skadane ho fekk under 2. verdskrig. I seinare tid har kyrkja blitt ombygd med kyrkjelydssal, kjøkken og toalettfasilitetar, og er no ei brukarvenleg kyrkje for arbeidet i kyrkjelyden. Det er eit tett samarbeid med Herdla fort og Herdla museum, og årleg feirast mellom anna  skaparverkets dag på Herdla fort. I Herdla feirast det gudsteneste kvar tredje søndag.

    Soknerådet ynskjer å gå inn i ein strategisk prosess med utvikling av kyrkjelydsarbeidet.

    Kyrkjelyden har frivillige team som gjer teneste i gudstenestene og har ansvar for kyrkjekaffi.

    Årleg har Herdla 25-30 konfirmantar. Konfirmantarbeidet er organisert med felles opplegg for kyrkjene på Askøy for leirer og valfrie aktivitetar, òg med konfirmantsamlingar i kvar enkelt kyrkje. Det er òg eit felles ungdomsarbeid på Askøy, Alive, med mellom anna månadlege ungdomsgudstenester.

    Kyrkjelydane på Askøy betenes av fire sokneprestar som leier prestetenesta i sitt sokn. Prestane har heile fellesrådsområdet om ansvarsområde når det gjeld gravferder og vigsler. Tenesteveker vert fordelt prestane imellom. Tenesta i denne stillinga vert fordelt med om lag 50% teneste som sokneprest og 50% teneste som prostiprest.

    Som sokneprest/prostiprest vert ein del av ein stor og kompetent stab i kyrkja på Askøy. Askøy kirkelige fellesråd utgjer 21 årsverk fordelt på om lag 28 tilsette (inkludert gravplassforvaltninga). Kyrkjekontoret er plassert i Strusshamn kirke. Meir informasjon om kyrkja på Askøy finn du på: www.kirken-askoy.no

    Herdla sokn høyrer til Vesthordland prosti. Prostiet dekker kommunane Askøy og Øygarden, og har til saman ti sokn og 13 kyrkjer. I prostiet er det ni sokneprestar og tre prostiprestar i tillegg til prosten. Prosten leier prestetenesta i prostiet, og kallar jamnleg inn til samlingar for åndeleg fellesskap, fagleg utvikling, orientering og drøfting.

    Skriftspråket i Herdla er nynorsk, og dei andre sokna på Askøy nyttar bokmål.

    Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter

    Arbeidsoppgåver

    • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
    • Deltaking i råd og utval
    • Vere pådrivar for vidareutvikling av kyrkjelydsarbeidet
    • Konfirmantarbeid
    • Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja

    Kvalifikasjonar

    • Cand. Theol. Med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
    • Medlemskap i Den norske kyrkja

    Det er ønskeleg at du har erfaring frå:
    Strategisk arbeid i kyrkje og kyrkjelyd
    Samarbeid med frivillige

    Personlege eigenskapar

    • Evne til å bygje relasjonar og forkynne til ulike aldersgrupper
    • Gode kommunikasjonsevner
    • Evne og vilje til samarbeid
    • Evne til å leie det strategisk kyrkjelydsarbeid i samarbeid med stab, sokneråd og andre frivillige
    • Interesse for konfirmantarbeid
    • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

    Vi tilbyr

    • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
    • Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
    • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
    • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
    • Arbeidsrettleiing (ABV)

    Andre opplysningar

    Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

    Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

    Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

    Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

    Arbeidssted: Herdla, Norge

    Kontaktinformasjon:

    HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
    Tlf: 936 12 276

    Prost i Vesthordland: Jan Tommy Fosse
    Tlf: 924 63 278