Kan du tenke deg å bidra til at barn og unge vert kjende med Jesus og får opplæring i den kristne trua? Masfjorden sokn lyser med dette ut ei fast stilling i 50% som trusopplærar frå 1. september 2025.
Hva vi ser etter
Du som søkjer må:
- ha vilje og evne til samarbeid og formidling
- kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
- ha evne til å arbeide med barn og unge
- være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
- beherske data som arbeidsverktøy
- ha førarkort og disponere bil
- vere medlem av Den norske kyrkja
- ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdsomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
- Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.
Arbeidsoppgaver
Til denne stillinga ligg for tida fylgjande oppgåver:
- Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. småbarnstrall, dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, Tårnagenthelg og Lys Våken.
- Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
- Det kan også verta aktuelt med trusopplæringsarbeid for andre aldersgrupper.
Ein ynskjer at trusopplærar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.
Det er også forventa at trusopplærar i einskilde samanhengar kan samarbeide med konfirmantmedarbeidar om gjennomføring av konkrete oppgåver, til dømes i samband med arrangement konfirmantarbeidar har ansvar for. I den grad omfanget av dette går ut over fastsett stillingsprosent, vert arbeidet godtgjort time for time med same løn som for øvrig arbeid.
Vi tilbyr
- Ei interessant og utfordrande stilling
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
- Løn etter tariff (KA)
- Medlemskap i KLP
Litt om Masfjorden sokn:
80,6% av kommunen sine 1693 innbyggarar er medlemer i Den norske kyrkja. Oppslutninga om kyrkja sitt trusopplæringsarbeid er god. Årets konfirmantkull tel 19 konfirmantar.
Det er tre kyrkjer i soknet; Frøyset, Sandnes og Solheim. I tillegg ligg Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter i soknet.
Staben i Kyrkja i Masfjorden består av kyrkjeverje, sokneprest, trusopplærar, konfirmantmedarbeidar, organistvikar, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar. Kyrkjeverja vil vere næraste leiar.
Arbeidssted: Masfjorden, Hybridkontor
Søknad med CV kan sendes til kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no, innen 1. august 2025