Kirker og trossamfunn
  • Bjørgvin bispedøme
  • Sokneprest i Stamnes og Eidsland sokn og Vaksdal sokn

    Fast
    Søknadsfrist: 24.05.2026
    Sokneprest i Stamnes og Eidsland sokn og Vaksdal sokn

    Vil du bli vår nye sokneprest?

    Du er velkomen til vakre Vaksdal kommune med Stamnes og Eidsland sokn og Vaksdal sokn som tenestestad. Som sokneprest vil du samarbeida tett med den andre soknepresten i kommunen om kyrkjelege tenester.

    Våre sokn ønskjer å vere kyrkjer der alle kan finne sin plass, der det er rom for både tru, håp og undring. I våre kyrkjer skal heile bygdefolket kjenne seg heime.  Vi ønskjer å løfte blikket og sjå framover, for vi ønskjer å nå våre unge og våre familiar med bodskap om fellesskap, glede, frimod og fred. Vi vil inspirere til engasjement og arbeid for andre, vi vil utfordre, sleppe til og utruste frivillige, både unge og gamle, til å bidra i og utvikle det kristne livet i soknet.

    Vi søkjer ein sokneprest som vil vere med oss på dette.

    Vaksdal er ein langstrakt kommune som ligg midt mellom Voss og Bergen, med kort veg til kulturelle attraksjonar og friluftsliv. Vi har både flott natur og eit mangfald av lag og organisasjonar, variert musikkmiljø, store bedrifter, gode skular og oppvekstsenter. Sjekk gjerne www.vaksdal.kommune.no

    Sokneprestane samarbeider tett med dei andre tilsette i fellesrådet. Stillingane er fordelt pår to sokneprestar (180%) 20 % av den andre prestetenesta er knytt til Evanger og Bolstad sokn, ei kyrkjeverje (100%), to organistar (100% og 50%), kyrkjelydskretær (40%), kyrkjelydspedagog (50%), kyrkjetenar /vaktmeistar i 50%. Staben har sine kontor på Dale.

    Det er i alt 105 gudstenester i året. Du vil ha koordinerande avnsvar for den samla konfirmantførebuing i kommunen.  I 2026 er det 34 konfirmantar. Prestane held andaktar på to institusjonar i kommunen.

    Vaksdal sokn har ei vakker steinkyrkje med godt tenlege tilhøyrande rom der sokneråd og andre arrangerer konsertar og ulike sosiale, faglege og kulturelle samlingar. Kyrkja har gode instrument, god akustikk. Stamnes har vore kyrkjestad heilt frå 1300-talet. Eidsland kapell, ligg på Eidslandet, og i bygda Stamnes ligg Stamnes kyrkje, som er hovudkyrkja i soknet, og den eldste av dei 7-sju kyrkjene i kommunen. Begge sokna har aktive og engasjerte sokneråd, eit godt samarbeid med dei lokale bedehusa og er ein positiv faktor i bygdene. Som faste aktivitetar i kyrkjelydane, kan me nemne barnekor og baby-song og andre trusopplæringstiltak utført i godt samarbeid med organist og kyrkjelydspedagog. Det er også barneforeining, søndagskule, strikkekafé og måndagskaffi, konsertar og andre kulturarrangement. Alle med godt oppmøte.

    Stamnes og Eidsland sokn og Vaksdal sokn høyrer til Hardanger og Voss prosti. Her er det 15 prestar. Prosten leier prestetenesta. Prostekontoret er på Voss og prost samlar prestane 7 gonger kvart år til fagleg fornying, sosialt og åndeleg fellesskap. Det har òg vore tverrfaglege samlingar for tilsette i prostiet.

    Målforma er nynorsk.
    Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

    Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

    Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.  Den som vert tilsett må ha førerkort og tilgang på bil.

    Arbeidsoppgåver

    • samarbeidet med skule og barnehage
    • bidra til at kyrkja skal vere ein naturleg del av samfunnslivet
    • gudstenester og kyrkjelege handlingar
    • konfirmantundervisning i kommunen
    • trusopplæring
    • beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja

    Kvalifikasjonar

    • Cand. Theol. Med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
    • Medlemskap i Den norske kyrkja

    Personlege eigenskapar

    • evne og vilje til samarbeid
    • god gjennomføringsevne
    • evne til å motivere
    • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

    Vi tilbyr

    • Stillingskode 1555 etter KA sitt tariffområde
    • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
    • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
    • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
    • Arbeidsvegleiing (ABV)

    Arbeidssted: Vaksdal, Norge

    Kontaktinformasjon:

    HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
    Tlf: 936 12 276

    Prost i Hardanger og Voss: Arild Hellesøy
    Tlf: 906 99 533