Kirker og trossamfunn
  • Bjørgvin bispedøme
  • Kapellan i Fana prosti med Os sokn som tenestestad

    Fast
    Søknadsfrist: 24.05.2026
    Kapellan i Fana prosti med Os sokn som tenestestad

    Er du på jakt etter spennande utfordringar og god kollegafellesskap? Det er ledig stilling som kapellan i Os sokn, på vestsida av Bjørnafjorden kommune.

    Kyrkjelyden i Os er ein stor kyrkjelyd med 15 594 medlemmer (2025). Det er 2 kyrkjer i soknet: hovudkyrkja Os kyrkje frå  1870 og nærkyrkja Nore Neset kyrkje frå 2000.  Rett ved Os kyrkje ligg kyrkjelydshuset  «Tunet kyrkje- og kultursenter». Tunet er «hub» for mykje av kyrkjelydsarbeidet og gjev rom for alle aldersgrupper i kyrkjelyden frå babysong til seniorarbeid.

    Os sokn sin visjon er Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen

    Kyrkjelyden har ei særleg satsing på ungdomsarbeidet som disponerer ein eigen fløy i Tunet, og driv Ten Sing, KRIKgruppe, MILK-kurs og anna leiartrening, ungdomsgudstenester, fredagsklubb og leir. Det er tett samarbeid mellom konfirmantarbeidet og det øvrige ungdomsarbeidet. Som kapellan vil du ha eit særleg ansvar i ungdomsarbeidet, og vil vera med å vidareutvikla det saman med stab og frivillige. Dei andre tilsette som arbeider med ungdom i tillegg til prestetenesta er ungdomsleiar (100%)   ungdomsarbeidar (20%) og prosjektleiar for opne møteplassar for ungdom (70%). Kateket (100%) leier konfirmantarbeidet, og er og aktivt med i ungdomsteamet.

    Os kyrkjelyd er ein aktiv kyrkjelyd med eit variert gudstenestetilbod. I 2025 var det totalt 133 gudstenester i soknet. Dette tel både gudstenester på søn- og helgedagar, ungdomsgudstenester, skulegudstenester, dåpsgudstenester og gudstenester på institusjon. Det var 142 døypte , 22 par vart vigde og 117 gravlagde i 2025 . Talet på konfirmantar i  2025/26 er 179, og har lege på mellom 140 og 180 dei siste ti åra. I snitt var det i 2025 137 deltakarar pr. gudsteneste.

    Kyrkjelyden har eit variert barne- og familiearbeid med kortilbod, familieKRIK, Messy Church og eigne barnesamlingar under gudstenestene. For vaksne blir det arrangert temakveldar, i tillegg til at det er ulike interesse- og bibelgrupper. Samarbeidet mellom kyrkje og skule er godt og følgjer ein fast plan, der kateket, kantor og prestar har sine ulike oppgåver.

    Som kapellan i Os vil du arbeide i eit kreativt og utviklande miljø, i nært samarbeid med kollegaer, råd og frivillige medarbeidarar. Saman vil vi utvikle kyrkjelyden i tråd med vedtekne planar og strategiar.

    Os sokn har 13 tilsette i fellesrådet. Det er tre prestestillingar: sokneprest og to kapellanar. I tillegg kjem driftsavdelinga. Alle tilsette har gode kontortilhøve i Tunet.

    Kapellanen er knytt til Os sokn, og har Fana  prosti som tenestedistrikt. Kapellanen vil inngå i eit samarbeid med dei andre prestane når det gjeld tenesteveker, gudstenester og andre faste presteoppgåver. Os sokn er i samarbeidsområde med Fusa sokn, og noko teneste må påreknast i Fusa. Prosten leier prestetenesta og kallar jamleg inn til konvent med fagleg fordjuping og åndeleg fornying. For meir informasjon om Os sokn, sjå https://kyrkja.no/os

    Målforma i kyrkje og skule er nynorsk. Søkjar bør disponera bil. Vi gjer merksam på at opplysning om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjaren har bede om at namnet vert unnateke offentleggjering. Den som vert tilsett, må kunne leggje fram politiattest (barneomsorgsattest)

    Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.

    Arbeidsoppgåver

    • Forrette gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
    • Delta i og vidareutvikla kyrkjelydens ungdomsarbeid i samarbeid med stab og frivillige
    • Tverrfagleg samarbeid. Kapellanen tek del i strategiske drøftingar
    • Det må påreknast noko møteverksemd
    • Delta i bispedømet si ordning for beredskap

    Kvalifikasjonar

    • Mastergrad i teologi og praktikum
    • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
    • Erfaring frå og kompetanse på ungdomsarbeid blir vektlagt

    Personlege eigenskapar

    • gode samarbeidsevner
    • gode evner til formidling og forkynning
    • arbeider sjølvstendig og tek initiativ
    • trivst med og har erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trusopplæringsarbeid/leiartrening
    • fremjer samarbeid med dei frivillige organisasjonane
    • Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
    • Ved like kvalifikasjonar vil personlege eigenskapar bli vektlagt.

    Vi tilbyr

    • Lønsgruppe 0922 kapellan
    • Pensjonsinnskot i KLP
    • Reiseutgifter godtgjordt etter gjeldande regulativ
    • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjerdsler
    • Arbeidsrettleiing
    • Nøtteliten barnehage på Søfteland har i sine vedtekter at tilsette i Os sokn har fortrinn til plass på lik line som barnehagen sine eigne tilsette

    Os er eit lokalsamfunn i vekst med nærleik til fjord, fjell og skog, og Bjørnafjorden kommune er ein av frontkommunane rundt Bergen. Frå kommunesenteret på Osøyro er det om lag 25 minutt køyretid til Bergen sentrum. Fana prosti strekkjer seg frå Bjørnafjorden i sør, Austevoll i vest til Bergen sør. Det er 17 prestar i prostiet, med gode relasjonar og kollegafelleskap.

    Arbeidssted: Osøyro, Norge

    Kontaktinformasjon:

    HR-sjef i Bjørgvin bispedøme: Therese Nesse Mokkelbost
    Tlf: 936 12 276