Kirker og trossamfunn
  • Vindafjord Kyrkjelege Fellesråd
  • Kantor/ Organist/ Kyrkjemusikar

    Fast
    Søknadsfrist: 03.07.2026
    Kantor/ Organist/ Kyrkjemusikar

    Ledig stilling som Kantor/ Organist/ Kyrkjemusikar (100%) i Vindafjord kyrkjelege fellesråd

    Vil du ha ein variert jobb i sokna i Vindafjord kommune? Vindafjord kyrkjelege fellesråd ønskjer at kyrkja skal være ein møtestad kor det er plass til liv og tru, der kvar enkelt blir sett og får tillit. Ein stad med rom for både glede og sorg, kreativitet og alvor, ro og undring.

    Vindafjord kyrkjelege fellesråd har frå 1.9.2026 ledig 100 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar, med hovudarbeidsområde i kyrkjene i Vindafjord kommune.

    Vi søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelydane. Ved ønske om å gå inn i ein lågare stillingsprosent vil det og bli vurdert.

    Me har 8 flotte kyrkjer i Vindafjord: Skjold; Vikebygd, Bjoa, Ølen, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland. Dei fleste er eldre kyrkjer, men kyrkja i Skjold er ei nyare kyrkje frå år 1999.

    Orgellandskapet er svært variert. Ved sida av nyare instrument av høg kvalitet har enkelte av kyrkjene interessante restaureringsobjekt. Skjold kyrkje har eit eldre, restaurert Blüthner-flygel. Elles har alle kyrkjene piano.

    • Skjold kyrkje: Carsten Lund 2011, 21 stemmer og Åkerman & Lund 1990, 4 stemmer
    • Vats kyrkje: Heggen & Ivers 1920, restaurert av Johannes Buder 2011, 6 stemmer
    • Ølen kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 16 stemmer
    • Bjoa kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 9 stemmer
    • Vikebygd kyrkje: Gebr. van Vulpen 1989, 13 stemmer og Landrog 1937, 7 stemmer (ute av bruk)
    • Sandeid kyrkje: Robert Gustavsson 1981, 7 stemmer og Landrog 1959, 12 stemmer (restaurert 2024)
    • Vikedal kyrkje: Eystein Gangfløt 1981, 11 stemmer og Olsen & Jørgensen 1915, 6 stemmer (ute av bruk)
    • Imsland kyrkje: Robert Gustavsson 1986, 8 stemmer og Olsen & Jørgensen 1917, 6 stemmer (ute av bruk)

    Det er 2 organistar som fordeler arbeidet i desse kyrkjene mellom seg. Vindafjord Kyrkjelege Fellesråd og nabofellesrådet Tysvær vurderer å slå saman sine organisasjonar. Dette vil bli avgjort i løpet av kort tid.

    Vi kan tilby ei varierande stilling og godt kollegafellesskap!

    Arbeidsoppgåver:

    • Planleggje og gjennomføre gudstenester, gravferder og vigslar saman med andre tilsette.
    • I samarbeid med frivillige og andre tilsette planleggje og gjennomføre andre arrangement og konsertar
    • Bidra i kyrkjelyden sitt arbeid, til dømes med korprosjekter og samspel med andre
    • Andre oppgåver etter avtale

    Kvalifikasjonar:

    • Utdanning iht. kvalifikasjonskrav for kantor/kyrkjemusikar
    • Søkarar med anna relevant musikalsk utdanning og erfaring blir og vurdert for stillinga
    • Beherskar liturgisk spel
    • God kjennskap til Den norske kyrkja sin liturgi og salmetradisjon
    • Engasjement og evne til å bygge opp, leie og rekruttere til kyrkjemusikalsk arbeid for vaksne, barn og ungdom
    • Beherske skriftleg og munnleg norsk
    • Kunne bruke digitale verktøy i sitt daglege arbeid
    • Den som vert tilsett må disponere eigen bil og ha førarkort kl. B. Køyregodtgjersle vert gitt etter statens regulativ
    • Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja. Det kan søkast dispensasjon for kravet om medlemskap
    • Det vil bli kravd tilfredsstillande politiattest jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20

    Personlege eigenskapar:

    • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og fleksibilitet
    • Gode samarbeidsevner
    • Evne til å sjå det musikalske saman med anna soknearbeid
    • Det vil vere viktig med eit godt samarbeid med kyrkjelyden sine utval, frivillige og tilsette
    • Evne til å byggje gode relasjonar
    • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
    • Evne til å arbeide strukturert
    • Allsidigheit og erfaring med ulike stilartar og musikalsk uttrykk er ynskjeleg

    Søknad sendes på e-post til: post.vindafjord@kyrkja.no eller i post: Vindafjord Kyrkjelege Fellesråd, Kleivavegen 2, 5574 Skjold

    Søknadsfrist: 3. juli 2026

    For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med kyrkjeverje Grethe Halvorsen på telefon 91629595.