
Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.
Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og 5 gravplassar. Det er to sokn i Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket.
Hva vi ser etter
Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga.
Det vil bli lagt vekt på engasjement og samarbeidsevne, relevant høgare utdanning og personlege eigenskapar. Du må væra medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil.
Tokke kommune er i hjartet av Telemark, med fantastisk klima og natur og er kjent for levande grender, Telemarkkanalen og Dalen Hotel. Vi har Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, hyggjelege bustadpriser og kulturskule med variert tilbod for store og små. Vi har mange tilbod for dei som er glade i jakt, fiske og friluftsliv. I Tokke har vi aktive idrettslag som har breie tilbod både sumar og vinter.
Fellesrådet har sunn økonomi og eit godt samarbeid med kommunen. Eit samarbeid som det vert viktig å halde vedlike. I tillegg til rammeoverføring drift og investering har fellesrådet ein tenesteytingsavtale med kommunen der kommunen syter for rekneskapsføring, lønskøyring, kontorlokale, server, sentralbord, Office-pakke, IT-tenester, samt eigne verkstedslokale for gravplassforvaltninga.
Du må ha gyldig politiattest.
CV og referanser sendast saman med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold.
Arbeidsoppgaver
- Drift av kyrkjekontoret i Tokke
- Ansvar for drift og forvalting av kyrkjebygg og gravplassar, herunder internkontroll og HMS
- Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet.
- Budsjett, løn- og rekneskapsansvar
- Sekretær og sakshandsamar for Tokke kyrkjelege fellesråd
- Representere kyrkja i møte med andre kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, kommunal administrasjon, media og andre
- Samarbeid med prestetenesta
- Søkjar må vera innstilt på at arbeidsoppgåver kan bli endra
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode kontorlokalar i kommunehuset i Tokke
- Pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetting og løn etter KA sitt avtaleverk
Om bedriften
Tokke kyrkjeleg fellesråd har 7 faste tilsette, 5,55 årsverk, totalt er det 18 ansatte med stort og smått. Fellesrådet er vertsfellesråd for ei felles diakonstilling saman med 4 andre kyrkjelege einingar og Agder og Telemark bispedøme.
Fellesrådet har driftsansvaret for ei stavkyrkje og fire listeførte soknekyrkjer, i tillegg til fem gravplassar i kommunen.
Stavkyrkja er frå 1140 og dei andre kyrkjebygga er frå 1747-1839. Det er felles kyrkjekontor på Dalen for sokna si verksemd. Dalen er administrasjonsenter i Tokke kommune.
Det er fleire større investeringsprosjekt på gang og ein må rekne med at dette har høg prioritert i verksemda framover.
Kommunen har ca. 2250 innbyggjarar, ca. 71% er medlemer av Dnk.
CV og referanser sendast saman med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold, på e-post til: kyrkjekontoret@tokke.kommune.no
Frist: 9. august 2026
Kontaktinformasjon:
Gunnar Øverland – leiar
Tlf: 971 01 830
Camilla Lagergren Knudsen – nestleiar
Tlf: 452 76 952
